Hopp til innhold

Brown vil opprette nasjonalt sikkerheitsråd

Den britiske statsministeren Gordon Brown vil opprette eit nytt nasjonalt sikkerheitsråd for å sende eit tydeleg signal om at landet er årvakent.

Labour-leder Gordon Brown

Gordon Brown har sin første spørjetime i Underhuset onsdag.

Foto: SIMON DAWSON / AP

Den nye instansen kjem jamnleg til å publisere ein nasjonal sikkerheitsstrategi og påpeike potensielle truslar.

Brown kom ikkje med andre detaljar då han tala til Underhuset tysdag.

- Rådet kjem til å vere ein garanti for at vi til ei kvar tid er årvakne og at vi aldri kjem til å gje etter, sa Brown.

Vil gje parlamentet siste ord om krig

Brown foreslår også at parlamentet skal ha siste ord dersom landet skal gå til krig.

Dette har tradisjonelt vore regjeringa sitt ansvarsområde i Storbritannia.

Vidare vil Brown at parlamentet skal halde høyringar i forkant av ratifisering av viktige internasjonale avtalar.

Ei veke overskygga av terror

Det er ei veke sidan Gordon Brown vart statsminister i Storbritannia, ei veke som har blitt overskygga av terroråtak og jakt på terroristar.

Les også: Fryktar strengare terrorlover

Onsdag har Brown sin første spørjetime i Underhuset. 

Les også: Gordon Brown ny statsminister  

 

SISTE NYTT

Siste nytt