Hopp til innhold

Brooklyn-brua stengd av pakke

Politiet i New York stengde Brooklyn-brua på grunn av funnet av ein mistenkjeleg pakke i ettermiddag norsk tid. Brua vart opna igjen etter kort tid.

Brooklyn Bridge

Arkivbilde

Foto: Mary Altaffer/Scanpix / Ap

Politiet har den siste tida stengt av område i New York etter funn av mistenkjelege pakkar. Det er høg beredskap i storbyen av frykt for terrorangrep.

Brua var stengd både for biltrafikk og for syklistar og fotgjengarar. Det har ikkje kome informasjon om immhaldet i pakken.

Brooklyn-brua er ei hengjebru over East river mellom bydelane Manhattan og Brooklyn. Brua er eit landemerke i New York og det er stor trafikk av både bilar og mjuke trafikantar.

SISTE NYTT

Siste nytt