Britiske veljarar vil ha Corbyn som statsminister

Etter eit mislukka landsmøte har den britiske statsministeren Theresa May problem med oppslutninga. No er Labour-leiar Jeremy Corbyn meir populær på målingane.

BRITAIN-POLITICS/LABOUR-CORBYN

Labour-leiar Jeremy Corbyn er no meir populær enn statsminister Theresa May, ifølge ei ny måling.

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters

Det er tunge dagar både heime og ute for Theresa May om dagen. Brexit-forhandlingane står i stampe, og nyleg avslutta Det konservative partiet også eit landsmøte som har blitt kalla ei katastrofe med indre konfliktar og problem som står i kø.

Under ein tale til landsmøtet blei May avbroten av ein komikar, og mista også stemma fleire gonger.

I dag viser ei meiningsmåling i The Independent også at britiske veljarar heller vil ha opposisjonsleiar Jeremy Corbyn som statsminister.

Labour gjennomførte også nyleg eit landsmøte, der Corbyn sa at han var klar til å ta makta, og overta ansvaret for å få i land ein avtale som tek Storbritannia ut av EU.

Jamt mellom partia

I målinga til The Independent går Corbyn fram fire prosentpoeng til 32 prosent, medan May mister to prosentpoeng til 30 prosent.

Og dersom det hadde vore parlamentsval i Storbritannia i morgon, viser målinga også at det hadde vore svært jamt. Både Dei konservative og Labour hadde fått 33 prosent.

Liberaldemokratane får ei oppslutning på seks prosent i målinga, medan fire prosent seier dei hadde stemt på UKIP om det var val i morgon.

BRITAIN-POLITICS/

Statsminister Theresa May strevde både med manglande stemme og avbrot frå salen under landsmøtet til Dei konservative. No strever ho også på meiningsmålingane.

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

Landsmøte

Målinga blei gjort før landsmøta til Dei konservative og Labour denne veka. Hendingane på desse møta har difor ikkje hatt innverknad på resultatet.

Medan møtet til Dei konservative ifølge rapportane var prega av manglande entusiasme og indre kamp, var landsmøtet til Labour meir vellukka for både partiet og partileiaren.

Den auka populariteten til Jeremy Corbyn blir også av sett i samanheng med at det truleg ikkje blir noko parlamentsval dei neste fem åra.

Då vil Corbyn vere 73 år gamal, og mange trur difor Labour vil ha ein annan partileiar ved neste val, og at ei støtte til Corbyn no er mindre forpliktande.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt