NRK Meny

EUs Gibraltar-klausul får britane til å ta fram krigsretorikken

Røynde britiske politikarar har byrja rasle med sablane, etter at EU og Spania har gjort Gibraltar til eit forhandlingskort i dei komande Brexit-forhandlingane.

Spain Gibraltar Brexit

PÅ TIDE Å SVI SPANSKEKONGENS SKJEGG?: Ein soldat på Gibraltar pussar ei gammal kanon. Det er lenge sidan Spania og Storbritannia barka saman på verdshava, men no raslar britiske politikarar i det minste retorisk med sablane, etter at Spania får anledning til å bruke kronkolonien som pressmiddel under Brexit-forhandlingane.

Foto: Daniel Ochoa de Olza / AP

På fredag presenterte EU-president Donald Tusk utkast til retningsliner for skilsmisseforhandlingane mellom Storbritannia og EU.

Den britiske statsministeren, Theresa May, hadde allereie lova at det heile skulle skje i ein aura av respekt og samarbeid.

Men ein av klausulane til Tusk har fått røynde britiske politikarar til å hente fram krigsretorikken.

Spansk Gibraltar-kupp i Brussel

«Ingen avtalar mellom EU og Storbritannia kan omhandle Gibraltar, utan ein avtale mellom Spania og Storbritannia», står det å lese i utkastet til Tusk.

I praksis betyr det at Spania kan stenge Storbritannia ute frå til dømes ein framtidig frihandelsavtale mellom Storbritannia og EU, om dei ikkje er nøgde med statusen til den britiske enklaven, skriv The Guardian.

Spania avstod Gibraltar til britane i 1713, men har lenge bedt om å få det strategisk viktige landområdet langs Middelhavet tilbake.

Meir kortsiktig har dei ei rekke gamle klagemål når det gjeld flytrafikk, shipping og sigarettsmugling til og frå «the rock».

Gibraltar var eit av verdas første skatteparadis, og kjelde til irritasjon i Madrid. No har dei fått eit pressmiddel. Eit spansk lobby-kupp i Brussel!

Retningslinene til Tusk er framleis berre ein kladd, men EU-tenestemenn nyheitsportalen Euractiv har snakka med, trur «Gibraltar-klausulen» blir ståande etter toppmøtet 29. april.

GIBRALTAR-SPAIN/ A Union flag flies at Europa Point in front of the Rock and the Ibrahim-al-Ibrahim mosque in Gibraltar

UNION JACK OVER GIBRALTAR: Britiske politikarar vil forsvare kolonien sin ved Middelhavet.

Foto: JON NAZCA / Reuters

Vil forsvare Gibraltar «heile vegen»

Dette har fått fleire konservative politikarar til å hente fram ein uvanleg hard retorikk.

I eit TV-intervju med BBC søndag, lova den britiske forsvarsministeren å forsvare Gibraltar.

– Vi skal passe på Gibraltar.

Kor langt er de villige til å gå?

– Gibraltar vil bli beskytta «heile vegen», fordi suvereniteten til Gibraltar ikkje kan bli endra utan at folket der ynskjer det, og dei har gjort det veldig klart at dei ikkje ynskjer å leve under spansk herredømme, sa forsvarsminister Michael Fallon til BBCs Andrew Marr.

– May vil forsvare Gibraltar som Thatcher forsvarte Falklandsøyane

Men spanjolane var ikkje ferdige, dei var klar til å gje London ein ny kilevink.

BRITAIN-EU/GIBRALTAR

SNAKKAR OM KRIG: Den tidlegare konservative leiaren Michael Howard samanliknar Spania med Argentina under Falklandskrigen. Utsegna kom etter at Spania snur i spørsmålet om eit framtidig uavhengig Skottland skal bli medlem av EU.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Forsvarsminister Alfonso Dastias, sa søndag at Spania har snudd når det gjeld å legge ned veto mot eit eventuelt framtidig skotsk EU-medlemskap.

Han ynskjer ikkje å oppildne katalanske separatistar i Spania, men:

– Skjer det (i Skottland), vil vi ikkje blokkere dei, sa Dastias.

Dette fekk den tidlegare konservative leiaren Michael Howard til å samanlikne Spania med Argentina under Falkandskrigen.

Laster Twitter-innhold

I eit intervju med Sky News understreka han at britane ikkje er redde for å bruke makt for å forsvare sine interesser.

– Trettifem år sidan, denne veka, sende ein annan britisk statsminister soldatar halvveges rundt jorda for å forsvare fridomen til ei anna lite gruppe britar, mot eit anna spansktalande land. Og eg er viss på at vår noverande statsminister vil vise same handlekraft når det gjeld folket på Gibraltar, sa Howard.

GERMANY-SPAIN-DIPLOMACY

SNUR I SPØRSMÅLET OM SKOTTLAND: Spanias utanriksminister, Alfonso Dastis, gjer kuvending og støttar likevel eit hypotetisk skotsk EU-medlemskap i framtida.

Foto: BERND VON JUTRCZENKA / AFP

– Vi kan framleis «svi spanskekongens skjegg»

Men ein pensjonert admiral The Daily Telegraph har snakka med åtvarar, truleg noko spøkefullt, den britiske regjeringa mot å bruke for store ord, før dei har rusta opp marinen.

Kontreadmiral Chris Parry seier den britiske marinen framleis er overlegen den spanske, men at slagkrafta er betydeleg redusert sidan Falklandskrigen, og at ein berre kan handtere kortvarige konfliktar.

Men:

Svi spanskekongens skjegg

SVI SPANSKEKONGENS SKJEGG: Dei historiske parallellane blir dratt tilbake til 1587, og Francis Drakes angrep på Cadiz-bukta.

Foto: Wiki

– Vi kan framleis lemleste Spania på middels sikt, og eg trur amerikanarane vil støtte oss også. Spania må lære av historia at det aldri er verdt å slost mot oss, og at vi framleis kan «svi spanskekongens skjegg,» sa Parry med referanse til angrepet på Cadiz-bukta i 1587.

Kontreadmiralen legg til at han ikkje trur det kjem så langt at det blir ei militær konflikt mellom Storbritannia og Spania.

Ei talskvinne til statsminister May sa søndag at regjeringa støttar suvereniteten til Gibraltar, folket og økonomien.

Og regjeringssjefen på Gibraltar sat i ein lang samtale med May søndag.

Laster Twitter-innhold

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt