Hopp til innhold

Britisk rett nektar 41-åring å ha sex

Britiske «Alan» trudde ein kan få kviser om ein har sex, og at barn kom med storken. No har retten frådømt han retten til å gå til sengs med andre.

Den britiske 41-åringen var i eit forhold med ein mann då saka kom for retten for to år sidan. Han har sjølv sagt at han ønskjer å halde fram med dette forholdet, men det vil ikkje styresmaktene godta.

Dei nektar han å ha sex, fordi dei meiner at han med sin IQ på 48 og «moderate læreevne» ikkje forstår kva som skjer.

Dommaren har i tillegg bestemt at mannen skal vere under tett overvaking av dei som husar han, skriv den britiske avisa The Telegraph.

Helsefarlig sex

Samtidig seier høgsterettsdommar Nicholas Mostyn at dette er ei veldig vanskeleg sak å behandle, sidan sex er ein «grunnleggjande menneskeleg funksjon».

– Retten må vere veldig forsiktige når ein prøver å avgrense retten til å ha sex, seier han.

Mostyn er likevel samd i at mannen, som går under namnet Alan, ikkje skal få lov til å ha sex.

Han meiner Alan ikkje har mental kapasitet til å forstå at han utset andre for helsefare med sine aktivitetar.

Livsviktige dommar

Ei lov frå 2005 gir dommaren rett til å bestemme slike livsviktige saker for folk som ikkje har intelligens nok til å gjere dei sjølve.

Retten kan mellom anna bestemme om folk skal opererast, bli haldne kunstig i live, om dei må ta abort eller bli tvinga til å bruke prevensjonsmiddel.

Då saka om Alan kom for retten for to år sidan, budde han med ein mann. Dei som har ansvaret for Alan, ville ikkje at dei to skulle ha intimkontakt, og tok saka til retten.

Alan har vore under oppsyn sidan då, med eitt unntak: han har fått lov til å vere åleine på sitt eige soverom.

Kan ikkje hindre dumskap

Høgsterettsdommar Mostyn understrekar at retten ikkje kan hindre folk i å gjere ukloke avgjerder. Han seier det likevel er eit krav at ein forstår at det som skjer, at det er ein helserisiko og at sex mellom mann og kvinne kan føre til graviditet.

Ein psykolog som var involvert i saka, seier Alan trudde babyar kom med storken, og at ein kunne få kviser eller meslingar om ein hadde sex.

Psykologen ville likevel ikkje at Alan skulle få seksualundervisning, då han meinte dette kunne vere forvirrande for han.

Dommaren bestemte derimot at Alan skal få slik seksualundervisning, i håp om at han kan tileigne seg kunnskap nok til at han gjenoppta seksuallivet seinare.

SISTE NYTT

Siste nytt