Fleire enn 45.000 migrantar kom til Storbritannia i fjor ved krysse Den engelske kanal i småbåtar, ifølge AFP.
Å avgrense kryssingane var eit svært viktig punkt i valkampen til Sunak, som fekk sjefsjobben då forgjengar Liz Truss gjekk av.
Truss var kjent som «rottweileren» i Det konservative partiet. Men det er Sunak som har gått hardt til verks med sin immigrasjonspolitikk med kampanjen «Stopp båtane».
Eit nytt samarbeid med TikTok, Meta og X skal no hindre at menneskesmuglarar klarar å lokke inn flyktningar gjennom sosiale medium.
– Denne nye plikta som tek-selskap har teke på seg vil hjelpe oss med å slå tilbake mot kriminelle gjengar og stenge ned den avskyelege verksemda deira, skriv Sunak.
I ein video på X-kontoen sin, forklarar han måndag sin strategi:
Frå video om «Stopp båtane»-kampanjen på Sunak sin X-brukar.
Foto: Rishi Sunak / X- Sunak vil introdusere lovverk som gjer at «du ikkje kan bli verande» dersom du kjem inn i landet på ulovleg vis, «uansett kor hardt du prøvar»
- nye avtalar med Frankrike og Albania skal saman redusere kor mange som kjem til Storbritannia frå grensene deira,
- britisk politi har auka talet på razziaar der ein trur det finst ulovlege arbeidarar,
- Storbritannia vil ikkje lenger gi uregistrerte flyktningar hotellopphald på vanlege britar si rekning,
Denne, ifølge Sunak, skal sørge for at den einaste måten ein kan reise til Storbritannia som flyktning er gjennom «trygge, lovlege ruter».
Britisk kystvakt kjem for å plukke opp ein båt med flyktningar i naud. Biletet er frå mai i år.
Foto: BEN STANSALL / AFPRwanda-planen var ulovleg, seier ankedomstol
Boris Johnson erklærte medan han framleis var statsminister at dei kom til å sende ein heil del asylsøkarar frå Storbritannia til Rwanda for å lette på trykket.
Med ein slik einvegsbillett kunne desse personane søke om å bli i Rwanda eller eit anna land i «den tredje verda», sa Johnson.
På lik linje med dagens politikk, skulle dette verke avskrekkande på folk som kom til Storbritannia ved bruk av «ulovlege, farlege eller unødvendige metodar».
Dåverande utanriksminister Priti Patel og rwandisk kollega Vincent Biruta signerte flyktningavtalen seint i april 2022.
Foto: SIMON WOHLFAHRT / AFPDet første flyet til Rwanda skulle lette i juni 2022, men blei kansellert då regjeringa blei utfordra i retten.
Den britiske ankedomstolen vurderte i juli i år at avtalen regjeringa hadde gjort var ulovleg, fordi Rwanda blei rekna som «trygt» grunna «manglar» i mottakssystemet deira.
FN sitt flyktningbyrå var einig i vedtaket, og oppfordra den britiske regjeringa til å «utforske andre tiltak» i staden.
Det var dette Boeing 747-flyet som skulle frakte den første puljen med asylsøkarar til Rwanda. Det kom seg aldri av garde.
Foto: JUSTIN TALLIS / AFPFlyktninghjelpen: – Utan omsyn til vernebehov
Det er framleis mange opne spørsmål om korleis samarbeidet med sosiale medium kjem til å fungere, meiner Helene Sandbu Ryeng, som er politisk rådgivar i Flyktninghjelpen.
Politisk rådgivar i Flyktninghjelpen, Helene Sandbu Ryeng.
Foto: Privat– Men vår erfaring er at så lenge det er etterspurnad etter dei tenestene som menneskesmuglarar leverer, så vil marknaden overleve. Kommunikasjonen vil berre flytte seg.
– Det som er heilt sikkert, er at det ikkje er Facebook-annonsar som får mødrer og fedrar til å legge ut på flukt med borna sine, men den desperate situasjonen dei er i.
Ho er også kritisk til dei siste utviklingane i «Stopp båtane»-politikken generelt.
– Dette føyer seg inn i rekka av initiativ frå den britiske regjeringa, med mål om å hindre migrantar og flyktningar i å nå Storbritannia, utan omsyn til vernebehov.
– At dei brukar menneskesmuglarar er eit resultat av at det nesten ikkje finst trygge og lovlege måtar å søke vern i Europa på.
Meir fokus den siste tida
Sunak sin ordbruk om ulovleg innvandring har også endra seg den siste tida som følge av ein nyleg advokatskandale, melder analytikarar i Bloomberg og The Guardian.
Ei undersøking av The Daily Mail avdekka nemleg for ti dagar sidan at fleire advokatfirma fann opp historier for at flyktningar i landet skulle få asylsøknadane sine godkjent.
Prisen for tenesta blei sett til 130.000 kroner.
Dei tre firmaa har sidan blitt fråteke løyva sine til å drive verksemd.
Den britiske regjeringa bestemte seg i år for å huse asylsøkarar i gamle militærbasar. Ein av dei er RAF Scrampton, som ligg nord for Lincoln i England.
Foto: LINDSEY PARNABY / AFP– Det er dette vi står opp imot. Labour-partiet, eit mindretal advokatar, kriminelle gjengar, svarte Sunak på X.
– Dei er alle på same side, og støttar opp under eit utnyttande system som tener pengar på å få folk inn i Storbritannia på ulovleg vis.
Labour er det leiande opposisjonspartiet i Storbritannia, og har ein mindre streng immigrasjonspolitikk enn regjeringa.
Kva dei har med nett denne saka å gjere, blei ikkje spesifisert i innlegget.