Hopp til innhold

Ransaka britisk eigedom etter Sverige-bomber

Britisk politi ransaka natt til måndag ein eigedom nord for London i samband med bombeeksplosjonane i Stockholm.

Brannvesenet slukker en brennende bil i Stockholm

Brannvesenet sløkkjer ein brennande Audi, etter terror-eksplosjonane i Stockholm laurdag ettermiddag. Den svensk-irakiske mannen som sprengde seg sjølv i lufta, skal ha studert

Foto: REUTERS TV / Reuters

Ransakinga fann stad i Luton i Bedfordshire, om lag ti mil nord for London like før midnatt, opplyser britisk politi til BBC.

–Me stadfestar at dette skjer i samband med hendingane i Stockholm laurdag, seier ein talsmann for politiet.

Ingen er pågripne i aksjonen, ifølgje Scotland Yard. Dei skal heller ikkje ha funne «hasardiøse» materiale på eigedomen.

Politiet vil truleg halda fram med undersøkingane, skriv BBC.

Studerte i England

To terrorbomber rysta den svenske hovudstaden søndag ettermiddag. Først gjekk ein bil i lufta i lrysset Drottninggatan/Olof Palmes gatan. Nokre minutt seinare blei ein død mann funnen 300 meter frå der bilen eksploderte.

Ein trugselmelding blei send til det svenske tryggingspolitiet Säpo og nyheitsbyrået TT kort tid før eksplosjonane.

Sjølvmordsbombaren skal ha vore ein 28 år gammal iraker. Mannen var busett i Sør-Sverige, men studerte fysioterapi ved eit universitet i Luton i England på starten av 2000-talet.

– Me har tett kontakt med svenske styresmakter. Det er ikkje føremålstenleg å gje fleire kommentarar kring deira etterforsking på noverande tidspunkt, seier ein talsmann for britisk politi til BBC.

– Handla ikkje på eigahand

Svenske Säpo meiner det er om lag 200 potensielle terroristar i Sverige. 80 prosent av dei skal ha koplingar til kvarandre, skriv svenske Aftonbladet.

Eit av spørsmåla svenske styresmakter no undersøkjer, er om mannen som vart funnen død etter eksplosjonen laurdag har operert på eigahand eller i samband med eit større terrornettverk.

Britisk politi aksjonerte i natt

Ein britisk politimann står måndag morgon utanfor ein eigedom som blei undersøkt i Luton i England.

Foto: Chris Radburn / Ap/Scanpix

– Dette individet handla ikkje på eigahand, sa terroreksperten Magnus Ranstorp i eit intervju i går.

Professoren ved den svenske Försvarshögskolan har forska på terrorisme og militante islamistar i 20 år.

– Ein sit ikkje heime og ser eit overgrep i Afghanistan eller Irak og tenkjer at «nok er nok, eg dreg til Stockholm og sprengjer meg sjølv i lufta», seier han.

– Opererte truleg åleine

Ifølgje den britiske avisa The Guardian er britisk trygginspoliti av ei anna oppfatning.

Det er lite truleg at bombemannen in Stockholm har utført ordre frå leiarar i terrornettverket Al Qaida, seier britiske tryggingskjelder til avisa.

Bomber i Stockholm

Svensk politi er godt synlege i den svenske hovudstaden etter at ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta laurdag. To andre personar vart skadde.

Foto: FREDRIK PERSSON / Afp

Dei trur mannen har planlagd og utført åtaket på eigahand. Britisk tryggingspoliti mistenkjer at 28-åringen kan ha vore ein av stadig fleire enkeltpersonar som har budd i Storbritannia, som er påverka av ideologpiar som vert forfekta av ekstremistgrupper som Al Qaida.

Dette viser også at Al Qaida ikkje har kapasitet til å trena opp tilhengjarane sine til å planleggja og utføra store og kompliserte terroråtak, seier dei britiske kjeldene om det som vert omtalt som eit mislukka åtak i Stockholm laurdag, ifølgje NTB.

– Verka hyggeleg

The Daily Telegraph har snakka med naboar til eigedomen der sjølvmordsbombaren skal ha budd medan han oppheldt seg i England.

Naboane seier dei sist såg den muslimske ekstremisten og tobarnsfaren for to og ei halv veke sidan.

– Eg såg han ofte her i nabolaget. Han sa ikkje så mykje, men verka hyggeleg. han pleidde å gå rundt saman med borna sine, seier taxisjåføren Tahir Hussain (33) til avisa.

– Eg vart sjokkert då eg høyrde om det som hadde skjedd. Eg hadde aldri trudd at han var i stand til å gjera noko slikt, fortel Hussain.

I brevet som sjølvmordsbombaren sende til tryggingspolitet før han spengde seg sjølv, oppgav han Sverige sitt militære engasjement i Afghanistan og kunstnaren Lars Vilks, som har laga omstridde teikningar av profeten Muhammed, som bakgrunn for bombene.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.