Hopp til innhold

Britisk minister: – Facebook må gjere meir for å hindre ekstremisme

Teknologiselskap som Facebook, Google og Youtube kan gjere meir for å hanskast med ekstremisme på internett, meiner den britiske sikkerheitsministeren.

Redningsmannskaper etter terrorangrepet i London

Redningsmannskap var på plass etter at ei bombe gjekk av på Parsons Green t-banestasjon i London fredag. No vil britiske styresmakter at nettselskapa skal gjere ein større innsats for å fjerne innhald som kan føre til meir terrorisme.

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / AFP

Etter nok eit terrorangrep i London fredag morgon, er britiske styresmakter uroa over den ekstremistiske bodskapen som blir spreidd på nett. IS bruker blant anna Youtube for å vise propagandavideoane som blir brukte for å rekruttere nye medlemmar. På nett kan også folk finne oppskrifter på korleis ein kan lage bomber og bruke våpen.

No seier sikkerheitsminister Ben Wallace ifølge Evening Standard at britiske styresmakter vil presse på for at teknologiselskap som Youtube, Google og Facebook skal auke innsatsen for å få fjerna slikt materiale.

– Vi meiner dei kunne ha gjort meir for å hindre at informasjon blir spreidd. Dei har også eit ansvar for at informasjon og propaganda framleis ligg ute. Vi meiner det er teknologi tilgjengeleg, som kunne ha fjerna dette raskt.

Fristad på nett

Theresa May

Den britiske statsministeren Theresa May krev at nettselskapa tek eit større ansvar for ekstremisme på nett.

Foto: Tolga Akmen / AFP

Angrepet på t-banen i London i går var det femte terrorangrepet i Storbritannia så langt i år, og i går heva britane også trugsmålsnivået til «kritisk», som er det høgste nivået. Og det har også sett søkelyset på nettekstremismen.

I etterkant av terroren på London Bridge i sommar sa statsminister Theresa May at dei store nettselskapa gav terroristar ein fristad der ideologien kunne få bløme. Neste veke skal ho og den franske presidenten Emmanuel Macron leie eit møte i FN der dei skal diskutere korleis ein kan ta hand om den ekstreme propagandaen og hatet som blir spreidd på nett.

– Kan ikkje sensurere

Torgeir Waterhouse

Torgeir Waterhouse i IKT-Norge har lite til overs for forslaget til britiske styresmakter, og meiner nettselskapa ikkje kan bli pålagde å sensurere bort lovleg informasjon.

Foto: Pressefoto / IKT Norge

Direktør for internett og nye medium i IKT-Norge, Torgeir Waterhouse, synest det britiske styresmakter no gjer er underleg. Han meiner at dei i realiteten ber nettselskapa på førehand sensurere bort lovleg informasjon.

– Google og Facebook kan ikkje fjerne informasjon som ligg lovleg ute på nett fordi nokon kan kome til å misbruke informasjonen. Dersom styresmaktene ikkje ønsker at slike opplysningar skal vere tilgjengelege, må dei forby informasjonen. Eller dei må respektere ytringsfridomen.

Han viser til at nettselskapa er viktige for spreiinga av kunnskap og demokrati. Det er difor eit alvorleg inngrep når styresmakter ber om ein førehandssensur av informasjon.

– Dette kan samanliknast med å be mediehus om ikkje å omtale terrorangrep fordi mindre merksemd vil gi mindre terror. Dersom dei hadde sagt det, ville det ha blitt bråk. Difor er det kanskje enklare å gå etter nettselskapa.

SISTE NYTT

Siste nytt