NRK Meny
Normal

Britisk etterretning ville ha nye «Jihadi John» som dobbeltagent

Etterretningstenesta MI5 prøvde å rekruttere nye «Jihadi John» før han reiste til Syria og slutta seg til IS.

Propaganda-video fra IS

I ein propagandavideo frå IS kjem ein mann med britisk aksent med trugslar retta mot David Cameron. Britiske styresmakter prøver å verifisere om dette er Siddhartha Dhar.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Siddhartha Dhar skal ha fått tilbod om å jobbe som dobbeltagent for den britiske etterretningstenesta MI5, melder avisa Daily Mail.

Dhar er mannen mange meiner har teke over rolla til «Jihadi John», den britiske IS-bøddelen. No jobbar britiske styresmakter med å verifisere om Dhar er den same mannen som kjem med trugslar i den siste propagandavideoen frå IS.

– Potensiell ressurs

Ifølgje The Sunday Times skal britiske etterretningsoffiserar ha vore i kontakt med Dhar, og prøvd å rekruttere han minst to gongar.

Offiserane i MI5 skal ha åtvara Dhar at han sannsynlegvis kom til å døy eller ende i fengsel dersom han ikkje jobba med tryggingstenesta.

– MI5 hadde mykje informasjon om Dhar. Han vart sett på som ein militant islamistisk, og sjølv om han var ein potensiell trugsel, var han òg ein potensiell ressurs for MI5, seier ei kjelde til avisa.

Rømte frå Storbritannia

JIHADI JOHN

«Jihadi John» vart drepen i eit flyangrep i november 2014. No meiner mange at Siddhartha Dhar har teke over denne rolla.

Foto: HANDOUT / Reuters

Kort tid etter at MI5 var i kontakt med Dhar vart han arrestert, mistenkt for å oppmode til terrorisme og for å støtte den forbodne gruppa Al-Muhajiroun.

Dhar vart seinare sett fri mot kausjon, og klarte å flykte frå Storbritannia til Syria med familien sin.

Politiet og etterretningstenesta har måtte tole hard kritikk etter at Dhar, som hadde fått passet sitt inndrege, og som stod på ei liste over terrormistenkte, klarte å reise frå Storbritannia utan å bli teken.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt