Hopp til innhold

British Airways-testflyging vellukka

Ein testflyging med British Airways innanfor den "røde sona" i vulkanoska i Skottland, viser ingen spor etter skadar på flyet, hevdar sjefen i flyselskapet.

BA/STRIKES
Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Dette melder den britiske avisa The Telegraph.

Leiar i International Airlines Group, Willie Walsh, seier at British Airways utførte ein 45 minuttar lang testflyging over Newcastle, Glasgow og Edinburgh. Oska er rapportert til å vere tettast i desse områda.

Resultata frå testflyginga var positive:

– Det enkle svaret er at me ikkje fann noko som helst, sa Walsch til BBC.

British Airways sine utsegn kjem ein dag etter at Ryanair hevda dei utførte ein tilsvarande testflyging i går. Det britiske luftfartstilsynet tilbakeviste desse påstandane, og meinte Ryanair dreiv eit reint PR-stunt.

Giovanni Bisignani, som er ein kjend representant for flyindustrien, seier at det meteorologiske instituttet i Storbritannia gjer ein elendig jobb, og kallar det «oppsiktsvekkande og uakseptabelt» at dei ikkje har lagt ein plan om å inspisere oskeskyene.

Meir enn 1600 avgangar er innstilt og tusenvis av passasjerar er landfast etter at oskeskyen la seg over store delar av Skottland på tysdag.

SISTE NYTT

Siste nytt