NRK Meny
Normal

Nye Guardian-avsløringar: Britisk etterretning har tilgang på global kommunikasjon

Den britiske etterretningsorganisasjonen GCHQ har tilgang til den samme massive informasjonen som amerikanske NSA har samla inn, og driv omfattande overvaking på eiga hand.

GVHQ i Storbritannia

Den britiske etterretningsorganisasjonen GCHQ har hovudkvarteret sitt i Cheltenham vest for London.

Foto: Reuters

Dette inkluderer telefon- og internettrafikk, samt informasjon frå internettselskap som Facebook og Google.

Den britiske etterretningsorganisasjonen driv også med overvaking på eiga hand og deler informasjonen med amerikanske NSA.

Dette kjem fram gjennom nye lekkasjar frå varslaren Edward Snowden, ifølgje den britiske avisa The Guardian.

Ifølgje avisa hektar GCHQ seg på store fiberoptiske kablar, og samlar inn enorme mengder data og lagrar dei i opp til 30 dagar. Denne operasjonen har fått kodenamnet Tempora, og praksisen har halde på i 18 månader.

Edward Snowden

Edward Snowden flytta til Hong Kong før varsla om overvakingsskandalen.

Foto: HANDOUT / Reuters

– Dette er ikkje berre eit amerikansk problem. Storbritannia er minst like involverte i dette. Dei er verre enn USA, seier Snowden til avisa.

Det betyr at både britiske GCHQ og amerikanske NSA overvakar uskuldige menneske, i tillegg til utpeikte mistenkte.

Ifølgje dokumentene som er lagt fram av Snowden har QCHC tilgang på 200 fiberoptiske kablar, og dei har ein kapasitet til å analysere 46 av dei om gongen.

Den tekniske kapasiteten britane har til å skaffe informasjon frå kablane har gjort GCHQ til ein global supermakt, skriv avisa.

I 2010, to år før prosjektet Tempora-prosjektet vart starta, melde organisasjonen at dei hadde «den største internett-tilgangen» av dei fem medlemma i etterretningsalliansen, som består av USA, Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand.

300 analytikarar frå GCHQ og 250 frå NSA jobba i fjor med å gå gjennom datainnhaldet som vart samla opp i Storbritannia.

Opptil 850.000 NSA-tilsette og private kontraktørar har hatt tilgang til databasane til GCHQ, ifølgje avisa.

Det har vekt sterke reaksjonar verda over at NSA har drive omfattande overvaking av privat databruk i utlandet. Varslaren Edward Snowden har lagt fram omfattande dokumentasjon om amerikansk etterretning til den britiske avisa The Guardian.

Snowden oppheld seg no i Hongkong, dit han reiste frå heimstaten Hawaii. Han har arbeidd på ei NSA-avdeling gjennom det private selskapet Booz Allen Hamilton. Det er varsla fleire nye avsløringar i tida som kjem

30-åringen svarte i ei nettutspørring i The Guardian at «sanninga kjem, og den kan ikkje bli stoppa».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt