Ved halv eittida i natt hadde dronning Elizabeth II sett namnet sitt på den nye lova, slik at avtalen formelt vart britisk lov. Dermed unngår britane og EU den vanskelege situasjonen som ville ha oppstått om 2020 vart 2021 utan at ein avtale var på plass.
Den eittårige overgangsperioden går nemleg ut ved årsskiftet.
Underhuset i London gjorde seg onsdag ettermiddag ferdig med den første avstemminga om brexitavtalen. Seint onsdag sa òg Overhuset ja til avtalen med stort fleirtal.
Saka passerte dermed alle stadium i løpet av ein sjeldan hektisk maratondag i Parlamentet. I den første avstemminga stemde 521 representantar for, medan 73 vende tommelen ned. Dei skotske nasjonalistane og Liberaldemokratane stemde imot.
– Brexit er ikkje avslutninga, men ei byrjing. No er det ansvaret vårt å sørgje for at vi får det beste ut av den makta vi har gjenvunne, av dei verktøya vi har teke tilbake, sa statsminister Boris Johnson under debatten.
Kort tid etter den første avstemminga signerte han avtalen.
Statsminister Boris Johnson signerte avtalen etter at Underhuset hadde sagt ja.
Foto: AP/NTBByrja i Brussel
Avtaledokumenta vart først signerte av EU-president Charles Michel og kommisjonsleiar Ursula von der Leyen i Brussel onsdag morgon. Før det hadde dei 27 EU-ambassadørane tysdag ettermiddag gjeve klarsignal til ei førebels godkjenning av handelsavtalen mellom dei to tidlegare unionspartnarane.
Nokon felles signeringsseremoni med britane var ikkje praktisk mogleg. Dokumenta vart derfor sende med fly til London. Det britiske flyvåpenet RAF tok seg av transporten, ei reise som representantar for begge partane var med på.
Det var tre avtalar som vart signerte onsdag. I tillegg til handels- og samarbeidsavtalen som vart klare julaftan, er det separate avtalar om informasjonsdeling og om atomsamarbeidet Euratom.
Ekstraordinært
I London var Parlamentet kalla inn til ekstraordinært romjulsmøte for å ratifisere avtalen slik at den kan gjelde frå nyttår. Dei konservative har reint fleirtal i Underhuset. Det var difor venta at lovforslaget som formaliserer avtalen med EU, skulle gå gjennom utan større problem.
Avtalen har fått namnet Lov om det framtidige tilhøvet til Den europeiske unionen.
– Vi har berre éin dag igjen av overgangsperioden, og dette er den einaste avtalen vi har. Den er eit grunnlag å byggje på i åra som kjem, sa Labour-leiar Keir Starmer før han og resten av partiet gav regjeringa si støtte.
Dronningas ja
Speaker i Underhuset, Lindsay Hoyle, sette i gang debatten etter å ha takka staben i nasjonalforsamlinga som har gjort det mogleg å samle dei folkevalde midt i romjula og medan landet er underlagd strenge restriksjonar.
Fleire parlamentarikarar deltok via nettet.
Speaker Lindsay Hoyle leidde debatten i Underhuset.
Foto: AFP/NTBFem timars debatt
Debatten og voteringa i Underhuset tok rundt fem timar, før saka vart send til Overhuset ved 16-tida. Etter at lordar, ladyer og biskopar hadde sagt sitt – 145 av dei hadde bede om ordet – gjekk saka tilbake til Underhuset, som har rett til å stemme over eventuelle endringar frå det andre kammeret.
Først nærare midnatt hadde avtalen gått gjennom alle formalitetar i Parlamentet. Kort tid seinare gav òg dronninga si velsigning til avtalen.
EU-parlamentet skal òg behandle avtalen, men det skjer først på nyåret.