NRK Meny
Normal

Brende: – Sprenginga trugar global tryggleik

Noreg og resten av verda fordømmer det Nord-Korea hevdar er ei vellykka prøvesprenging av ei kjernefysisk hydrogenbombe.

Børge Brende om prøvesprengning i Nord-Korea

VIL HA REAKSJON: Brende håpar Tryggingsrådet blir samde om samd om å fordømme prøvesprenginga.

Reaksjonane har ikkje latt vente på seg etter at Nord-Korea hevdar at dei har sprengt ei hydrogenbombe.

– Dette er ein alvorleg trugsel mot global tryggleik, seier utanriksminister Børge Brende til NRK.

Ei slik handling må fordømmast på det sterkaste meiner Brende, som er uroa for kva konsekvensar dette får for regionen.

Laster Twitter-innhold

– Stort tilbakesteg

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg er uroa for den globale tryggleiken.

Foto: NRK

Statsminister Erna Solberg meiner det er svært alvorleg dersom Nord-Korea har klart å sprenge ei hydrogenbombe.

– Det har vore framgang på ikkje-spreiingsområdet det siste året. Dersom det stemmer at Nord-Korea har sprengt ei hydrogenbombe så er det eit tilbakesteg, seier Solberg til NRK.

Ho håpar at også FNs tryggingsråd fordømmer sprenginga, og seier det er viktig at reaksjonane frå det internasjonale samfunnet er samstemte.

Verda fordømmer

Fleire land er svært kritiske til prøvesprenginga. USA, Storbritannia, Japan og Sør-Korea var tidleg ute og fordømde hendinga.

Utanriksminister i Storbritannia Philip Hammond skriv på Twitter at dersom det stemmer at Nord-Korea har sprengt ei hydrogenbombe, så er det eit alvorleg brot på resolusjonane til FNs tryggingsråd, og det er ein provokasjon.

Laster Twitter-innhold
Shinzo Abe

Japans statsminister Shinzo Abe fordømmer Nord-Koreas prøvesprenging.

Foto: ›Œ´‘P F, ›å´‘P F, å´ P F / Ap

Japans statsminister Shinzo Abe seier prøvesprenginga er ein trugsel mot tryggleiken i landet, og at Japan absolutt ikkje tolererer slike hendingar.

Også Sør-Korea fordømmer det som nabolandet i nord hevdar å ha klart. Den sørkoreanske presidenten Park Geun-hye seier at landet vil samarbeide med det internasjonale samfunnet for å sørge for at Nord-Korea betalar prisen for atomprøvesprenginga.

Sår tvil om bomba

USA meiner det er for tidleg å slå fast om Nord-Korea har prøvesprengt ei hydrogenbombe, men varslar uansett ein eigna reaksjon på alle og alle provokasjonar.

Det kvite hus har tidlegare uttrykt skepsis til kunngjeringa frå Nord-Korea om at landet har utvikla eit våpen som er betydelege kraftigare enn atombombe.

Ifølgje Sør-Koreas meteorologiske institutt er det ikkje målt noko kjernefysisk stråling etter prøvesprenginga. Sørkoreanske styresmakter seier derfor at det kan dreie seg om ei vanleg atombombe med ein mindre del hydrogen.

Kina kan ha nøkkelrolle

FNs tryggingsråd har kalla inn til hastemøte om Nord-Koreas prøvesprenging. Børge Brende meiner at Kina kan spele ei nøkkelrolle.

– Kina og USA er heilt avgjerande. Kina har framleis diplomatisk dialog med regimet i Pyongyang. Nord-Korean har store økonomiske problem, og leiaren er avhengig av handel med Kina, seier Brende til NRK.

Kinas statlege nyheitsbyrå Xinhua er svært kritisk til Nord-Koreas prøvesprenging. Dette bryt med målsettinga om kjernefysisk nedrusting, skriv nyheitsbyrået.

Kina melder at dei vil levere inn ein protest til regimet i Pyongyang, og ifølgje styresmaktene vil Kina samarbeide med verdssamfunnet for kjernefysisk nedrusting på den koreanske halvøya.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt