Hopp til innhold

Brende optimistisk om FARC-avtale

Utanriksminister Børge Brende møtte mandag kveld norsk tid Colombias president Juan Manuel Santos i Bogota. Temaet er fredsforhandlingane med FARC-geriljaen, der Noreg er involvert.

Kveldsnytt-sak frå Anders Tvegård i Bogota.

VIDEO: Børge Brende møtte Colombias president i Bogota.

Bogota (NRK): Samstundes kjem det meldingar om at opprørarar frå FARC har teke livet av fem politifolk og såra tre andre i eit angrep i den nordlege delen av landet. Ifølgje colombianske styresmakter gjekk FARC-opprørarane til angrep på ei gruppe frå narkotikapolitiet i eit coca-dyrkingsområde i provinsen Antioquia.

Norske garantiar

Det var venta at Børge Brende i møtet med Santos ville gi garantiar om det Noreg framleis vil hjelpe til i arbeidet med å få til ein fredsavtale med FARC. Brende er optimist og trur at det kan bli ein avtale mellom FARC og styresmaktene i løpet av 2014.

Noreg vil også hjelpe til med å setje i verk ein fredsavtale. Det skal skje gjennom blant anna å hjelpe til med å omskolere bønder, som har drive koka-plantasjar, og ved øydelegging av våpen.

FARC, som vart grunnlagt i 1964, er den største opprørsgruppa i Colombia med rundt 8000 personar under våpen. Det har vore forhandlingar mellom FARC og representantar for presidenten sidan november 2012, utan at det har vore mogleg å få til ei våpenkvile på bakken.

50 år med strid

Samtalane, der altså Noreg har delteke aktivt, har gått føre seg i den kubanske hovudstaden Havana. Målet er å få slutt på de snart 50 år lange militære oppstanden, som har teke livet av fleire hundre tusen menneske og gjort 4,5 millionar til flyktningar i eige land.

Eitt viktig tema under forhandlingane er nettopp dyrking og vidare kultivering av koka-planten, som er eit viktig element i framstillinga av blant anna kokain. Colombia er saman med Peru den største produsenten av kokain i verda. Ifølgje FN produserte Colombia 309 tonn av den farlege rusgifta i 2012.

Hittil i forhandlingane er semje om to av seks punkt. Det blir ikkje nokon avtale før dei har blitt samde om alle seks punkta.

LES OGSÅ: FARC får delta i politikken

LES OGSÅ: Legger frem avtale mellom FARC-geriljaen og Colombias regjering i dag

LES OGSÅ: Norske diplomater hentet FARC-gissel