Hopp til innhold

Nøgd Brende etter møtet med Tillerson

BONN (NRK): - Eg hadde ein god og nyttig første samtale med USAs nye utanriksminister Rex Tillerson i dag, seier utanriksminister Børge Brende.

Utanriksminister Børge Brende møtte sin amerikanske kollega Rex Tillerson under G20-møtet i Bonn i Tyskland torsdag kveld.

VIDEO: Brende møtte Tillerson i kveld.

Utanriksminister Børge Brende er i Bonn, der Noreg er gjestenasjon på G20-møtet denne veka. Han fortel til NRK at han har møtt Rex Tillerson tidlegare, då den noverande amerikanske utanriksministeren var konsernsjef i Exxon Mobil.

– Tillerson var klar på at han vil halde fram det nære samarbeidet mellom USA og Noreg, og at han ynskjer å vidareutvikle det, seier Brende. Han er også glad for at USA på møtet i Brussel tidlegare denne veka gjorde det klart at dei står ved Nato-samarbeidet og artikkel 5, seier Brende.

Utanriksministeren legg til at han også har hatt ein nyttig samtale med Russlands utanriksminister Sergej Lavrov, der dei blant anna diskuterte samarbeidet i Arktis, eit samarbeid begge partar ser på som viktig.

– Ein erfaren leiar

USAs utanriksminister Rex Tillerson.

Rex Tillerson er på sin første store internasjonale konferanse sidan han vart utanriksminister i USA.

Foto: Michael Probst / AP

– Eg har eit godt inntrykk av Tillerson. Han er ein svært erfaren leiar. Eg høyrer frå tilsette i amerikansk UD at han har gjort eit godt inntrykk der. Eg håper å få eit like godt forhold til han som eg har hatt til John Kerry, seier den norske utanriksministeren.

Han er spent før Noreg skal vere ein av hovudinnleiarane på konferansen. Brende seier at den norske delegasjonen vil fokusere på det som er viktigast for dei, å førebyggje krig og konflikt i staden for å reparere, og så sørgje for at berekraftsmåla blir etterlevde.

– Vi er bedne om å innleie om freds- og forsoningsarbeid. Eg får møte alle utanriksministrane under middagen, og skal ha møte med blant andre Storbritannias utanriksminister Boris Johnson og FNs generalsekretær Antonio Guterres, seier Brende.

Tillerson møter Lavrov i Bonn

Tillerson tatt i ed som utenriksminister

Førebyggjande fredsarbeid

Han fortel at dei skal informere blant anna om fredsprosessen i Colombia, på Filippinane og den no fastlåste prosessen mellom Israel og dei palestinske områda.

– Dette er eit viktig høve for Noreg å få snakke om kor viktig det er med førebyggjande fredsarbeid, seier den norske utanriksministeren til NRK i ettermiddag.

Vertsnasjonen Tyskland vil bruke G20-møtet til å samle støtte til rundt 17 mål for berekraftig utvikling som dei håpar verdssamfunnet kan einast om innan 2030.

Sergej Lavrov (t.v.) og Sigmar Gabriel.

Sergej Lavrov (t.v.) vart teken imot av Tysklands utanriksminister Sigmar Gabriel.

Foto: Oliver Berg / AFP

Dei økonomiske stormaktene skal snakke om mange dei problema verda slit med i dag, slik som klimaendringane til dei vanskelege konfliktane i Syria, Ukraina og Jemen.

Det knyt seg størst spenning til Rex Tillerson, som debuterer på den diplomatiske verdsscena. Kollegaene hans ynskjer å få vite meir om kva Trump-administrasjonen eigentleg meiner med «Amerika først»-politikken Trump har varsla.

Utanriksminister Børge Brende er spent før møtet med USAs nye utanriksminister Rex Tillerson.

VIDEO: Brende om G20-møtet i Bonn.

Tillerson og Lavrov

Det knytte seg spesiell spenning til møtet mellom Rex Tillerson og hans russiske kollega Sergej Lavrov. Dei to hadde eit kort møte i ettermiddag, og Lavrov seier til AFP at dei vart samde om å samarbeide vidare på område der dei har felles interesser.

– Sjølvsagt kan vi ikkje løyse alle problema, men vi har ei felles forståing om å arbeide vidare med spørsmål der vi har felles interesser, seier Lavrov.

Rex Tillerson seier at han bad Lavrov om at Russland skulle etterleve Minsk-avtalen om Aust-Ukraina.

SISTE NYTT

Siste nytt