NRK Meny
Normal

Brasils president risikerer nye korrupsjonsskuldingar

Trass i at Michel Temer kom sigrande ut av Kongressens debatt om å stille han for retten onsdag, ventar truleg nye skjær i sjøen for den upopulære leiaren.

Michel Temer

Heilt sidan han tok over etter Rousseff i fjor har Michel Temer gått inn for økonomisk innstramming for å få Brasil ut av ein to års økonomisk nedgang. Reformene møter motstand hos mange brasilianarar, sjølv om selskapa er for, ifølge AFP.

Foto: Eraldo Peres / AP

Du veit det er noko seriøst på gang når såpeserien i beste sendetid er avlyst, skriv BBCs korrespondent om stemminga i Kongressen som blei vist live på tv i Brasil onsdag.

Etter ni timar stemte eit fleirtal av medlemmene av det nedre kammeret i Kongressen mot å stille presidenten for retten tiltalt for korrupsjon.

Vil halde fram med økonomiske reformer

Presidenten er skulda for å ha teke imot rundt 100 millionar kroner i mutingar frå sjefen av kjøttindustrigiganten JBS, Joesley Batista. Batista har inngått ein avtale med påtalemakta og gitt dei sterke bevis mot presidenten gjennom lydopptak.

Dette skal igjen ha band til den større Petrobras-skandalen, der fleire hundre sentrale politikarar og næringslivsfolk har blitt tiltalt. Fleire andre ministrar i Temer si regjering har vore involvert, og nokon har allereie gått av.

Støttespelarar av Temer

Temer har mange støttespelarar blant dei folkevalde i Brasil. Også fleire av dei er mistenkte for korrupsjon.

Foto: ADRIANO MACHADO / Reuters

Trass i demonstrasjonar både i og utanfor kongressen, med slagord som «Ut med Temer» og «Temer må i fengsel», stemte berre 227 for å stille presidenten for retten.

Stemming i Brasils Kongress

Sjølv om debatten blei direktesendt var det ikkje alle kongressmedlemmene som følgde like godt med i løpet av dei ni timane prosessen vara.

Foto: EVARISTO SA / AFP

Det er godt under dei 342 stemmene som skulle til for at forslaget skulle gå gjennom.

Temer kan difor bli sitjande, i motsetning til forgjengaren Dilma Rousseff, som blei frådømt embetet etter skuldingar om at ho hadde forsøkt å skjule underskot på statsbudsjettet.

– Med den støtta eg har fått frå det nedre kammeret kan vi no gå i gang med å få gjennom alle reformene landet treng, sa Michel Temer etter vedtaket.

Temer, som tok over då Rousseff måtte gå i fjor, håpar med dette å bli sitjande til neste ordinære val i 2018.

Svært upopulær

Men sjølv om Temer får bli sitjande er han svært upopulær blant folket, der berre fem prosent av meiner han gjer ein god jobb. Samtidig viser ei nyleg meiningsmåling gjeve att av BBC at 80 prosent av folket vil ha etterforskingar av presidenten.

Demonstrasjon i Brasil

"Val no" står det på t-skjorta til ein av dei mange demonstrantane som møtte fram onsdag då kongressen skulle stemme over Temers skjebne. Det var store demonstrasjonar i fleire delstatar.

Foto: Andre Penner / AP

Opposisjonen har bede om nyval slik at folket får bestemme.

– Vi vil ikkje bytte ut seks med eit halv dusin, sa kongressmedlem Ivan Valente som representerer venstresida onsdag.

Kongressmedlemmene som støttar Temer svara med å vise oppblåsbare dokker med tidlegare president Luiz Inacio da Silva i fangedrakt. Silva, som representerer Arbeidarpartiet (PT) som Rousseff, blei i juli dømt til ni og eit halv fengsel for korrupsjon.

Men trass i onsdagens siger ventar nye utfordringar for Temer. Det er venta at riksadvokat Rodrigo Janot vil kome med nye tiltalar i løpet av dei komande vekene. Han seier at han har knusande bevis for at Temer prøvde å hindre etterforskinga ved å bestikke Eduardo Cunha, ein tidlegare parlamentarikar som no sit i fengsel dømd for korrupsjon.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt