Hopp til innhold

Brasil: Dommen mot tidlegare president blir ståande

Korrupsjonsdommen mot ekspresidenten i Brasil, Lula da Silva, blir ikkje bare ståande, den blir utvida. Dermed er det uvisst om han kan stille som presidentkandidat til hausten.

BRAZIL-POLITICS-LULA-CORRUPTION-TRIAL

Tidlegare president i Brasil, Lula da Silva talar til støttespelarar i Sao Bernardo do Campo onsdag, same dag som anken blir behandla.

Foto: MIGUEL SCHINCARIOL / AFP

I juli i fjor blei Lula da Silva dømd til ni og eit halvt års fengsel etter at han blei funnen skuldig i korrupsjon og kvitvasking av pengar. Ifølgje dommen har han motteke 9,5 millionar kroner frå entreprenørselskapet OAS mot å hjelpe selskapet med å få kontraktar med det statlege oljeselskapet Petrobras.

Han ble dømd til 9 år i fengsel. Nå er dommen på 12 år.

Ekspresidenten har avvist alle skuldingar. Han meiner at rettsprosessen er eit forsøk på å øydeleggje han og den venstreorienterte rørsla han leier.

BRAZIL-POLITICS-LULA-CORRUPTION-TRIAL

Lula da Silva sin advokat, Cristiano Zanin, under ankebehandlinga i Porto Alegre onsdag.

Foto: SYLVIO SIRANGELO / AFP

Dommen frå 2016 blei anka, og behandlinga av anken starta onsdag formiddag. Gatene rundt rettsbygningen i Porto Alegre blei sperra av, skarpskyttarar var på plass på hustaka, og helikopter svirra i lufta. Inne i bygningen skulle tre dommar avgjere saka.

Tysdag talte Lula (72) til fleire tusen støttespelarar i Porto Alegre. Han sa at det berre er ein ting som kan føre til at han forlèt gatene i Brasil – og det er at han døyr.

– Fram til det skjer, vil eg kjempe for eit meir rettferdig samfunn, sa han i talen.

BRAZIL-POLITICS-LULA-CORRUPTION TRIAL

Opprørspolitiet er på plass utanfor rettsbygningen i Porto Alegre der Lula da Silva får behandla ankesaka si.

Foto: JEFFERSON BERNARDES / AFP

Lula da Silva var president i Brasil frå 2003 til 2010. Han var ein svært populær president – den første som kom frå arbeidarklassen.

No ønskjer han å komme tilbake. Valet er i oktober, og Lua leier på meiningsmålingane. Michel Temer, som no er president i landet, ligg på rundt 10 prosent oppslutning.

BRAZIL-POLITICS/LULA

Demonstrantar markerte si tydelege støtte til Lula da Silva då ankebehandlinga starta onsdag.

Foto: PAULO WHITAKER / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt