Hopp til innhold

Brannmenn i Ukraina fryktar doble missilangrep

Brannvesenet i Dnipro fylke meiner dei i aukande grad blir mål for kyniske russiske angrep. Midt i den krevjande tida har dei fått livsviktig hjelp av norske kollegaer.

Dagleg rykker brannmennene ved stasjon 11 ut for å sløkkje brannar og redde liv i byen Kryvyj Rih.

Risikoen for drone- og missilangrep i denne delen av Ukraina er stor. Fleire brannstasjonar har også blitt råka.

Odd Steinar Rønne

Odd Steinar Rønne er på besøk i Kryvyj Rih. Kona hans er frå byen, så Rønne har eit nært forhold til staden.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Dei siste vekene har den pensjonerte brannmannen Odd Steinar Rønne budd saman med brannvesenet i byen, som er fødebyen til president Volodymyr Zelenskyj.

Det var her han vaks opp, gjekk på skule og tok utdanning på bedriftsøkonomisk institutt.

Rønne fortel at brannvesenet blir rekna som eit militært mål og at det har vore fleire missilangrep mot naudetatane.

– Dei veit ikkje om dei kjem heim etter skiftet. Vi er for tett på fronten til at flyalarmen rekk å åtvare folk. Frå dei høyrer raketten i lufta har dei 3–5 sekund på seg til å kome i dekning, det er ofte ikkje nok, seier Rønne.

Kona hans er frå byen, så Rønne har eit nært forhold til staden.

130 brannbilar

Rønne representerer Norsk-ukrainsk brann- og ambulansestøtte. Dette er engasjerte norske brannmenn og -kvinner som samlar inn pengar og utstyr til naudetatane i Dnipro fylke.

Dei har donert over 130 brannbilar til Kryvyj Rih. Desse blir fordelt vidare etter behov i fylket som ligg tett på fronten.

Nyleg kom Rønne til Kryvyj Rih med ein moderne stigebil. Ei gåve frå engasjerte kollegaer i Noreg. Nå kan dei skifte ut den gamle, som ser ut som ein museumsgjenstand.

– Vi har også sendt 17 trailerlass med alt ein kan tenke seg av utstyr, uniformer, aggregat og redningsbåtar, for å nemne noko, fortel Rønne.

Brannsjefen for Dnipro fylke er komen for å hente ein ambulanse som kjem frå brannvesenet i Gloppen i Nordfjord.

– Vi er svært takksame for støtta frå våre norske kollegaer. I praksis er halvparten av alt utstyret vi tek imot frå utlandet frå Noreg. Slik vil vi klare å hjelpe fleire sivile, fortel brannsjefen i Dnipro fylke Oleh Kushniruk.

Ambulansen frå Gloppen kjem godt med. Nyleg blei 10 brannmenn skadd i fylket, fortel Kushniruk til NRK.

Oleh Kushiniuk, brannsjef Dnipro fylke

Brannsjefen i Dnipro fylke, Oleh Kushniruk.

Foto: Oleh Balaban

Fryktar doble missilangrep

Brannmennene opplever at dei i aukande grad blir mål for russiske angrep.

Brannsjef Ihor Karelin fortel at han er overtydd om at brannvesenet i Ukraina blir rekna som militært mål av fienden.

Fleire gongar har dei opplevd at det kjem nye angrep etter at naudetatane er komne på plass. Sokalla «double tap»-angrep.

Det vil seie at det kjem to missilangrep mot same stad på kort tid – for å hindre redningsarbeidet.

– Det kan til og med skje at dei bomber oss fleire gangar. Men det er vår plikt å rykke ut utan å nøle for å redde liv, fortel Ihor Karelin, som er brannsjef i byen.

Ihor Korolin; brannsjef, Kryvyj Rih

Ihor Karelin er brannsjef i Kryvyj Rih og den som hjelper til med å fordele dei norske brannbilane.

Foto: Andras D.Hajdu

– Det har skjedd at brannstasjonen er bomba først, så bustadblokka ved sidan av, fortel Rønne til NRK.

OSSE: – Eit mønster

Russiske styrkar har blitt skulda for å ha utført dobbeltangrep både i Ukraina og Syria.

Ein rapport i fjor frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) skulda Russland for å utføre eit dobbeltangrep i Kharkiv.

Dei meiner at dette føyer seg inn i eit mønster for brot på internasjonal humanitær lov.

CNN rapporterte i august at minst 78 redningsarbeidarar er drepne i Ukraina sidan invasjonen byrja og ytterlegare 280 er såra.

Må sove i telt

I Kryvyj Rih er totalt tre brannstasjonar bomba av russiske missil og dronar.

NRK blir med til brannstasjon nummer 11 som har fått eit stort hol i veggen. Inne er veggane svartsvidde.

Brannstasjon 10

Brannstasjon 10 har fått store skadar i fasaden og inne.

Foto: Roger Sevrin Bruland

Brannmennene må bu i telt fordi brannstasjonen er blitt for ustabil. Det er ikkje trygt å opphalde seg i bygningen.

Sidan NRK besøkte byen har det kome fleire store missilangrep.

Politistasjonen i sentrum har blant anna blitt rasert av eit missilangrep.

Mange nabohus fekk også store skadar.

Norske brannbilar sløkkjer

Brannsjefen i Kryvyj Rih tek oss med til ei bustadblokk som nyleg blei rasert av eit russisk Iskander missil.

Alle brannbilane som rykte ut for å hjelpe denne dagen, var norske, ifølge Karlin.

Då Odd Steinar Rønne grunnla organisasjonen «Norsk-ukrainsk brann og ambulansestøtte» hadde han aldri trudd at engasjementet ville bli så stort.

Sjølv om krigen dreg ut har han ingen planar om å trappe ned.

– Behovet er enormt. Vi har gjennom vår organisasjon klart å dekke opp behovet i 4–5 store byar. Men det er stort behov for hjelp ned mot Zaporizjzja og Odesa der det er store øydeleggingar, fortel han.

SISTE NYTT

Siste nytt