NRK Meny
Normal

Brannbomber mot skattekontor i Italia

To brannbomber blei laurdag kasta mot eit skattekontor i den italienske hamnebyen Livorno, ifølgje politiet.

Åtak mot skattekontor i Italia

NYTT ÅTAK: To nye bomber mot skattekontoret i Italia i dag. Her er væpna vakter utanfor skattekontoret nord i Italia etter at ein væpna forretningsmann storma kontoret tidlegare i månaden.

Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters

Åtaket er det siste i ei rekkje av same slag.

Ingen blei skadde sjølv om ein av bensinbombene hamna på trappa til Equitalia, som er namnet på det italienske skattevesenet.

Rasar mot auka skattlegging

Raseriet mot etaten har auka som følgje av at fleire småbedriftseigarar har tatt sjølvmord i Italia på grunn av auka skattar.

Også i Hellas har folk tydd til sjølvmord i protest mot staten si handtering av eurokrisa.

LES: Opptøyar braut ut etter at gresk pensjonist skaut seg sjølv i protest

Skattane er ein del av reformprogrammet til statsminister Mario Monti og den teknokratiske regjeringa som no prøvar å få italiensk økonomi i betre balanse.

Forretningsmann i gisseldrama

Førre veke storma ein væpna forretningsmann i 50-åra inn på eit skattekontor og heldt ein av dei tilsette som gissel i fleire timar før han overgav seg til politiet.

Ei anarkistgruppe har dessutan sendt fleire brevbomber til etaten dei siste månadene.

LES: - Mafiaen sterkare enn staten

Ein av dei namna i desember hjå skattedirektøren i landet, som blei skadd i eksplosjonen.

Den same anarkistgruppa seier den stod bak åtaket på leiaren for eit kjernefysisk kraftanlegg i Genova tidlegare denne veka. Mannen blei skoten i beinet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt