Hopp til innhold

Brann i regjeringsbygning i Egypt

Ein egyptisk regjeringsbygning står no i brann i Kairo, melder egyptisk TV.

Video Maweb4 SD - Norge

Demonstrasjonane i Kairo held fram fredag kveld. Tidlegare på dagen er tre personar stadfesta omkomne i samanstøyt mellom demonstrantar og politi.

– Det er ein brann i bygningen til skattemyndigheitene, like ved innanriksministeriet, melder statleg fjernsyn.

Demonstrantar skal ha starta brannen i bygningen. Før brannen starta skal demonstrantane ha robba bygningen for møblar og inventar, blant anna for å sette opp barrikadar på gata.

Det har vore store demonstrasjonar i området der desse bygningane ligg. Tre menneske vart i dag drepne i samanstøyta mellom politi og demonstrantar.

Også i byen Suez har det vore valdelege samanstøyt i dag. To personar vart drepne av politiet i samanstøyta.

SISTE NYTT

Siste nytt