Hopp til innhold

Stavros: – Eg er redd alt dette vil forsvinna

Ein brann i nasjonalparken Dadia i Hellas trugar verna skog og utryddingstruga fuglar.

Brann i Hellas: Skogbrann i Dadia National Park

VERNA SKOG I BRANN: Brannen i nasjonalparken Dadia synast på langt hald.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

CO₂ i atmosfæren
416 ppm
1,5-gradersmålet
+1.01°C
Les mer  om klima

Røyken ligg som ei sky over himmelen. Sola steiker, sveitten renn. Gradestokken viser 36 grader i skuggen.

I lufta over nasjonalparken Dadia i Evros ved grensa til Tyrkia, ser og høyrer ein stadig helikopter og fly som spreier og hentar vatn.

Torsdag starta ein skogbrann i utkanten av naturreservatet.

Brann i Hellas: Eleni Makrygianni

Eleni Makrygianni, direktør for nasjonalparken Dadia

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Direktøren for nasjonalparken, Eleni Makrygianni, fortel at brannen har spreidd seg sidan då. Og at det har gått raskt.

Fleire plante- og dyreartar er truga.

Natt til søndag blei innbyggjarane i landsbyen Dadia evakuert. Brannen var då 600 meter frå bygda.

Det har brent i nasjonalparken tidlegare, men aldri i det verna og modne området.

Det er fleire små brannar spreidd ut over, med stor fare for vidare spreiing, fortel Makrygianni.

Helikopter driver brannslukking i nasjonalparken i Hellas.

Helikopter hjelper til i brannsløkking i nasjonalparken Dadia i Hellas. Når sola går ned kan dei ikkje lenger bidra til å sløkka brannane.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Trugar verna område

I naturreservatet finn ein dei eldste svartfurutrea på heile Balkan. Trea er hekkeområdet til den nær utryddingstruga Svartgribben.

Gribbane har ikkje mange andre stader å bygga reir enn akkurat her. Populasjonen er allereie minkande i Europa.

Storkar har sett seg på lysmaster nær skogbrannen i nasjonalparken Dadia i Evros, Hellas. Til høgre ser ein røyksya frå brannen.

Storkar har sett seg på lysmasterved ein veg nær skogbrannen i nasjonalparken Dadia. Til høgre ser ein røykskya frå brannen.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

I tillegg hekkar fleire andre fugleartar her, som er rekna som truga eller sårbare. Ein av dei er Svartstorken, som er truga i Hellas.

Målet for laurdagen var å hindra ei spreiing av brannen til den eldste kolonien av furutre. Det fortel biolog ved nasjonalparken Sylvia Zakkak.

Ho fortel at svartgribben treng store, modne tre som er mellom 10 og 15 meter høge.

– Reira deira er gigantiske. Dei er tre meter vide.

Guvernøren i Evros, Dimitris Petrovits (t.v.) og biolog ved nasjonalparken Dadia, Sylvia Zakkak (t.h.), jobbar med å kartlegga brannen i naturreservatet.

Guvernøren i Evros Dimitris Petrovits (til venstre) og biolog i nasjonalparken Sylvia Zakkak (t.h.) jobbar med å kartlegga brannen i naturreservatet.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Blir furutrea brent, vil det ta mange år før dei er så store igjen.

Brannårsaka er framleis ukjent, fortel den guvernøren i Evros, Dimitris Petrovits.

Heile skogen er rundt 430 kvadratkilometer. Laurdag formiddag har seks til sju kvadratkilometer brend, ifølge guvernøren.

– Kvifor er det så viktig å sløkte akkurat denne brannen?

– Fordi dette er ikkje berre arva vår, det er naturen si arv.

Brann i Hellas: Dadia National Park

Området rundt administrasjonssenteret til Dadia nasjonalpark er eit av områda som blei truga etter oppblussinga laurdag kveld.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Vanskeleg å sløkka

Brannvesenet har ennå ikkje fått kontroll på brannen. På grunn av at skogen er så gammal, og ikkje minst freda, er det vanskeleg å sløkka flammane.

På grunn av at skogen er verna, fekk dei først ikkje lov til å hogge ned tre, for å hindra at brannen skulle spreia seg for raskt. Skogen er også tett i furutre.

Militæret, politiet, brannvesenet, sivil beredskap og kommunale samarbeidspartnarar er sett i sving for å sløkte brannen.

Kodja Ahmed jobbar i den lokale skogforvaltinga, og har kommen frå jobben for å vera med å kutta ned tre i området. Formålet er at brannen skal ligga lågt, slik at han ikkje spreier seg like fort.

 Kodja Ahmed, trefeller i Dadia nasjonalpark i Hellas 24. juli

Kodja Ahmed høgg laurdag ned tre i Dadia nasjonalpark, i eit forsøk på å hindra vidare spreiing av brannen.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Det er skummelt, seier Ahmed og fortel at dei jobbar nære furutrea.

Konglene i brennande furutre kan spretta ut og tenna på eit område fleire meter vekke. Slik kan ein fort bli omringa av brann, om ein er uheldig.

Varmen er trykkande, men Ahmed seier dei ikkje kan la det stoppa dei.

Les også: Konglene spreidde brannen – no kjem hetebølgja til Hellas

Dimitri mistet huset i skogbrann i Hellas
Dimitri mistet huset i skogbrann i Hellas

Tørrare og varmare enn tidlegare

Sofia Vlachinou bur i Pireus utanfor Athen, og skriv ein master om korleis ein skal handtera følgene av klimaendringane.

Skogbrannar er ikkje uvanleg i Hellas, og kan oppstå naturleg. Då veit naturen korleis han skal handtera det.

– Poenget nå, er at dei spreier seg raskare enn tidlegare, seier Vlachinou.

Det er den einaste samanhenga mellom skogbrannar og klimaendringar, ifølge Vlachunou. Endringane gjer vëret varmare og skogen tørrare om somrane.

Masterstudent i klimaforsking Sofia Vlachinou.

Sofia Vlachinou meiner Hellas kan bli betre på å handtera skogbrannane.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Ein utbrent skog er meir sårbar for flaumar og kraftig regnvêr, forklarer Vlachinou.

Frø og næringsstoff i jorda kan renna vekk, slik at jorda blir tørr og mindre fertil.

For å hindra for stor spreiing av brannen, peiker Vlachinou på fleire tiltak som landet kan ta i bruk.

Til dømes bruk av dronar for å oppdaga ein skogbrann tidlegare, etablering av brannsoner og å læra folk skogbrannvett.

Meiner brannen er påtent

Helikoptera og flya kan ikkje fly på kveldstid. Laurdag kveld blussa brannen opp igjen.

Christos og Kostos ser på brannen i Dadia nasjonalpark, i fylket Evros i Hellas.

Christos (til venstre) og Kostos har stoppa langs vegen for å kikka på brannen i nasjonalparken Dadia nord i Hellas.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Christos og Kostos står og ser på elden som et opp skogen.

Dei er nesten heilt sikre på at brannen er påtent.

– Dei har prøvd tidlegare, men denne gongen ser det ut som at dei har klart det, seier Christos.

Christos trur ikkje skogen kan reddast denne gongen.

Christos trur ikkje skogen kan reddast denne gongen

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Ifølge rykta i lokalmiljøet, er brannen påtent for at nokon skal kunna bygga opp vindmøller på området.

– Men me vil ikkje spekulera i kven det er.

– Det er utruleg trist, seier han og viser til det rike plante- og dyrelivet i skogen.

Rett før midnatt blei innbyggjarane i landsbyen Dadia evakuert. Brannen var då 600 meter vekke. Staden ligg rett i nærleiken av administrasjonen i Dadia nasjonalpark.

Redd for at alt vil forsvinna

I landsbyen Lyra, med utsikt til nasjonalparken, sit Chrysa Stavros og ungane hennar i skuggen ved ein kafe. Ho var på veg heim då ho såg den store røykskya stå opp frå skogen.

Brann i Hellas: Chrysa Stavros og døtrene

Chrysa Stavros viser bilde på mobilen frå då brannen starta på torsdag.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Det tok berre ein halvtime før brannen hadde spreidd seg fleire kilometer.

Stavros seier at ho så godt som vaks opp i denne skogen. Dei gjekk tur her, leika og bada i elva.

Nå er eg redd for at alt dette vil forsvinna.

Faren hennar viste brannmannskapet kvar dei skulle gå og korleis dei skulle koma seg fram i skogen.

Det er berre innbyggjarane i byen som bryr seg om området. Ikkje politikarane. Dei bryr seg berre om fest og å koma i avisa.

Brann i Hellas: Eftichia Stavros

Eftichia Stavros tar brannen tungt.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Dottera Eftichia fortel at ho blei trist då ho såg skogen brenna.

Eg blei veldig lei meg, seier ho.

Stavros frykta at brannen ville spreia seg ned til landsbyen. Heldigvis var vinden sval.

Fleire av innbyggjarane her ønska å bidra, men fekk ikkje lov på grunn av tryggleiken.

Kvinnene i bygda har i staden funne ut at dei skal hjelpa med å laga til mat til brannmennene og dei andre som hjelpe, fortel Stavros.

SISTE NYTT

Siste nytt

Nobels fredspris går til en person og to organisasjoner

Prisen deles mellom til Ales Bjaljatski, en aktivist fra Belarus, den russiske organisasjonen Memorial og den ukrainske organisasjonen Senteret for sivile rettigheter.