Hopp til innhold

Brakval for demokratiforkjemparar i Hongkong

Demokratiforkjemparane har gjort eit brakval i lokalvalet i Hongkong. Den kinesiske utanriksministeren seier at uansett kva som skjer i valet, vil Hongkong alltid vere ein del av Kina.

Tilhengere av den pro-demokratiske kandidaten Angus Wong jubler etter at han vant i sitt distrikt i lokalvalget i Hongkong søndag

JUBLAR: Tilhengarar av demokratiforkjemparen Angus Wong jublar etter at han vann i distriktet sitt i lokalvalet i Hongkong søndag.

Foto: Vincent Yu / AP

Demokratirørsla i Hongkong ser på valet som ein viktig symbolsk siger.

Måndag morgon hadde kandidatar som kjempar for demokratisk styre i Hongkong sikra seg kontroll over 390 av 452 sete i lokalvalet.

Demokratiforkjemparar fekk nesten 90 prosent av seta i distriktsråda, melder den lokale kringkastaren RTHK, ifølgje Reuters.

Vil du ha vekebrevet til Urix? Meld deg på her

«Tsunami av misnøye»

Ein tsunami av misnøye har skylja over byen, skriv South China Morning Post.

Avisa skriv at pro-Beijing leiren i Hongkong vaklar etter det overveldande nederlaget.

Hong Kong Election

To sentrale aktørar frå pro-demokrati sidan. Aktivist Joshua Wong (med briller) og kandidat i lokalvalet, Kelvin Lam.

Foto: Vincent Yu / AP

Tsunami er òg eit uttrykk som demokratiforkjemparane tar i bruk dagen etter valet.

– Dette viser krafta til demokratiet. Dette er ein demokratisk tsunami, seier Tommy Cheung.

Han er ein tidlegare studentleiar som har hatt ei aktiv rolle i protestrørsla. No har han vunne eit sete i lokalvalet, skriv Reuters.

Ifølgje South China Morning Post viste ei førebels oppteljing at pro-demokrati leiren vann i 17 av 18 valdistrikt. Tidlegare har alle valdistrikta vore under kontroll av Beijing-vennleg leiing.

«Resultatet er eit valskred»

Resultatet er eit valskred etter at innbyggarane møtte opp i rekordhøge mengder, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Totalt skulle det veljast 452 representantar til dei 18 ulike distriktsråda i Hongkong, som er ein særskild administrativ region i Kina.

Mykje tyder på at det endelege valresultatet vil føre til at kandidatar som kjempar for demokrati vil få kontrollen i alle dei 18 distrikta.

Etter seks månader med demokratiprotestar var valdeltakinga i valet på søndag på rekordhøge 71,2 prosent.

Til samanlikning var valdeltakinga på berre 47 prosent ved førre lokalval i 2015.

Viktig symbolsk siger

Det er sjeldan stor interesse blant veljarane for lokalvala i Hongkong.

Lokale folkevalde har lita politisk makt og handterer hovudsakleg lokale spørsmål som bussruter og søppeltømming, men denne gongen har meir enn halvparten av innbyggarane i byen registrert seg for å stemme ifølgje BBC.

Demokratirørsla i Hongkong ser på valet som ein viktig symbolsk siger.

Wang Yi, utenriksminister Kina

Valresultatet i Hongkong er utan tyding, seier den kinesiske utanriksministeren Wang Yi. Han understrekar at Hongkong er ein del av Kina.

Foto: Kimimasa Mayama / AFP

Valresultatet sender eit tydeleg signal til styresmaktene om at demonstrantane som ønsker meir sjølvstyre og lausriving frå Kina har stor støtte i befolkninga.

Den kinesiske utanriksministeren, Wang Yi, kommenterte valet etter eit møte med Japans statsminister, Shinzo Abe, i Tokyo måndag morgon.

– Uansett kva som skjer vil Hongkong vere ein del av Kina, sa han.

– Kvart og eit forsøk på å destabilisere Hongkong, eller forsøk på å skade velstanden eller stabiliteten vil ikkje lykkast, sa Wang vidare.

SISTE NYTT

Siste nytt