Hopp til innhold

Brakval for «Batman» i Bulgaria

Boiko «Batman» Borisov og sentrum-høgre-partiet GERB sikra seg 22 av 27 borgarmeistrar i lokalvalet søndag. Sosialistane står ribba tilbake utan ein einaste i dei viktigaste byane.

BULGARIA-ELECTION/ Boiko Borisov, leader of Bulgaria's centre right GERB party, walks out of a polling booth before casting his vote in Sofia

Statsminister Borisov har gjort borgarplikta i 2014.

Foto: STOYAN NENOV / Reuters

– Valet har vist at det finst ingen betre regjeringskoalisjon enn vår, sa ein strålande fornøgd Borisov i dag.

Første runde i lokalvalet viste at GERB ville gjere det bra. Men ingen trudde at fasiten ville bli 22 av 27 borgarmeistrar etter andre runde.

Det er rapportert om sterk auke i valdeltakinga.

Laster Twitter-innhold

Har kjempa seg tilbake etter motgang

Borisov har slite med ei stor bankskandale, flyktningkrisa og ein hanglande økonomi. Valet søndag blir difor sett på som ei enorm tillitserklæring.

«Batman»

BELGIUM-EU-BALKANS-MIGRANTS-SUMMIT

Statsminister Borisov er ein viktig aktør i EU under flyktningkrisa. Bulgaria ligg på grensa til Tyrkia.

Foto: JOHN THYS / Afp

Den karismatiske statsministeren er tidlegare livvakt, og har fått kallenamnet «Batman» fordi han har ei fortid som brannmann og livvakt.

Sosialistane har mista borgarmeisteren i dei 27 viktigaste byane

Det som vanlegvis er det største opposisjonspartiet, sosialistpartiet BSP, gjorde eit katastrofalt dårleg val. Dei klarte ikkje å få ein borgarmeister i dei 27 største og viktigaste byane.

Journalist Georgi Gotev ved nyheitsportalen Euractiv.com kallar det eit «Waterloo» for det store opposisjonspartiet. BSP har nå tredje flest borgarmeistrar i landet, etter det tyrkiske interessepartiet DPS, noko som blir sett på som eit stort nederlag.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

BSP får ein ny sjanse til å pynte på resultatet i ein avgrensa tredje valrunde, men alle dei viktigaste bulgarske byane er tapt.

Skuldingar om juks

BSP hevdar i dag at veljarane har blitt pressa av lokale styremakter og at mange stemmer har blitt kjøpt. Leiaren for BSP, Mikhail Mikov, hevdar politiske parti har kjøpt stemmer for over 30 millionar bulgarske Lev, rapporterer Novinite. Det er om lag 142 millionar norske kroner.

Statsminister Borisov har lova å ta tak i problemet.

SISTE NYTT

Siste nytt