Hopp til innhold

Bosnisk eks-leiar arrestert

Tidlegare medlem av presidentrådet i Bosnia, Ejup Ganic, vart arrestert på Heathrow flyplass i London i dag.

Ejup Ganic i eit arkivbilete frå 1998.

Ejup Ganic, her i eit arkivbilete frå 1998, vart arrestert i London i dag.

Foto: Ronald Zak / Scanpix/AP

63-åringen er arrestert på vegner av serbiske styresmakter, opplyser britisk politi.

Han er mistenkt for å ha planlagt drap saman med andre namngitte personar, og for brot på Geneve-konvensjonen om framferd i krig. Ganic er mistenkt for å ha teke livet av såra soldatar, heiter det i ei fråsegn frå britisk politi.

Møtte for britisk rett

Ejup Ganic var visepresident i Bosnia under krigen på Balkan frå 1992 til 1995.

Det var politifolk frå utanlandsavdelinga til Scotland Yard som stod bak arrestasjonen på Heathrow i dag.

Ganic, som er muslim, møtte seinare i dag for Westminster Magistrate Court i London.

- Serbiske styresmakter må leggje fram dokument som støttar opp under kravet om utlevering, før det blir aktuelt å setje ein dato for ei høyring om ei eventuell utvisning til Serbia, seier ein talsmann for det britiske utanriksdepartementet.

Domstolen skal avgjere om det er noko hinder for utlevering til Serbia, heiter det.

Styresrmaktene i Beograd vil stille Ganic og 18 andre tidlegare bosniske politikarar for retten. Dei er mistenkte for å ha vore delaktige i eit angrep på ei gruppe køyrety frå den serbiske hæren i Sarajevo.

- Latterlege skuldingar

I tillegg er det snakk om uspesifiserte hendingar på eit sjukehus og ved eit militæranlegg utanfor den bosniske hovudstaden.

18 menneske vart drepne, og mange offiserar, soldatar og sivile, vart såra i angrepet på dei serbiske militærkøyretya i mai 1992, i starten av den tre og ein halvt år lange krigen i Bosnia.

Ejup Ganic avviser skuldingane, og kallar dei latterlege.

Meir enn 100.000 menneske vart drepne under krigen mellom kroatar, muslimar og serbarar i Bosnia.


SISTE NYTT

Siste nytt