NRK Meny
Normal

Bortført tenåringsjente funnen drepen

Liket av 17 år gamle Anneli-Marie R. vart i går kveld funne på eit nedlagt gardsbruk utanfor den tyske storbyen Dresden. Jenta vart bortført sist torsdag, og det vart sett fram krav om løysepengar.

17-åring drepen utanfor Dresden.

Det var ved dette nedlagde gardsbruket utanfor Dresden at 17 år gamle Anneli-Marie vart funnen drepen.

Foto: Reuters

Politiet i Dresden opplyste på ein pressekonferanse i ettermiddag at det var den sakna 17-åringen, dotter av ein rik forretningsmann, som vart funnen død ikkje langt frå huset der jenta budde saman med foreldra.

Dei førebelse undersøkingane viser at jenta vart drepen fredag, dagen etter bortføringa.

To arresterte

Anneli-Marie

Bortføringa av 17 år gamle Anneli-Marie R. sist torsdag enda med at ho vart drepen.

Foto: Reuters

Politiet opplyser at to menn er arresterte i saka, ein 61 år gammal mann frå Dresden og ein 39 år gammal mann frå delstaten Bayern. Det var eit DNA-spor på sykkelen til Anneli-Marie R. som førte til at 39-åringen vart arrestert.

Det var 61-åringen som fortalde politiet kvar liket av jenta var gøymt, og han erklærte seg delvis skuldig.

– Alle håpa og bønnene våre har ikkje vorte høyrde i denne saka, sa ein sorgtung talsmann for Dresden-politiet, Dieter Kröll, på pressekonferansen.

Det er ikkje mistanke om at jenta vart utsett for seksuelle overgrep, sjølv om 39-åringen tidlegare er tidlegare overgrepsdømt. Han er også dømt for brannstifting og forsikringssvindel.

Krav om løysepengar

Dieter Kroll frå Dresden-politiet

– Bønene våre vart ikkje høyrde i denne saka, sa polititalsmann Dieter Kröll tysdag ettermiddag.

Foto: Reuters

Politiet opplyser at dei to gjerningsmennene ringde frå 17-åringen sin mobiltelefon til faren hennar og kravde 1, 2 millionar euro i løysepengar. Faren høyrde dottera skrike i bakgrunnen. Ein time seinare ringde gjerningsmennene igjen.

Om pengane ikkje vart overførte innan fredag, ville dei ikkje få sjå dottera igjen, vart det sagt.

Siste gong gjerningsmennene gav lyd frå seg var fredag, men foreldra fekk ikkje snakke med Anneli-Marie. Politiet trur Anneli-Marie vart drepen fordi kidnapparane frykta at jenta kunne identifisere dei.

Appell frå foreldra

Dei fortvilte foreldra sende ut ein skriftleg appell til kidnapparane i helga. Der gjorde dei det klart at dei ville oppfylle krava til kidnapparane, og dei bad innstendig om at dei skulle gi lyd frå seg igjen.

– Vi vil oppfylle krava, slik at vi snart kan halde barnet vårt i armane igjen, stod det blant anna i appellen.

Den tragiske saka har heilt sidan bortføringa vart kjent vore hovudsak i dei fleste store nyheitsmedium i Tyskland, og heile landet har fylgt dramaet nærmast frå time til time. Politiet opplyser at dei har fått inn over 50 tips om saka, og at det var sterkt medverkande til at dei to mennene vart arresterte.

17-åring drepen utanfor Dresden

Det var måndag kveld at den 17 år gamle jenta vart funnen drepen på eit nedlagt gardsbruk utanfor den tyske byen Dresden.

Foto: Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt