Rett etter opninga i New York fredag kunne Dow Jones-indeksen notere ein oppgang på 1,1 prosent. Oppgangen på S&P 500-indeksen var også på 1,1 prosent. Teknologiindeksen Nasdaq steig 1,4 prosent dei tre første minuttane.
Då handelen stengde klokka 22 norsk tid, var fasiten slik: Dow Jones opp 1,38, S&P 500 opp 1,49 og Nasdaq opp 1,44 prosent.
Børsdagen i Asia starta med kraftig fall. Då børsane stengde, varierte nedgangen frå 3,1 prosent på Hang Seng-indeksen i Hongkong til 4,05 prosent på børsen i Shanghai. Fallet i Asia var om lag like stort som i New York dagen før.
Fallet på Hang Seng-indeksen er tydeleg på storskjermen i ein bank i Hongkong fredag.
Foto: BOBBY YIP / ReutersRaude tal i Europa
Også i Europa starta fredagen i minus, men langt mindre enn i Asia. I løpet av dagen var det berre svak nedgang på børsane her.
Og i USA enda altså børsdagen, og dermed denne veka, med pluss-tal. Likevel har Dow Jones-indeksen til saman falle med 5 prosent i løpet av veka.
Det har vore ei svært ustabil veke i finansmarknaden. Det starta måndag, då aksjekursane stupte på dei amerikanske børsane. Uroa har halde fram gjennom heile veka.
Nedgang også på Nikkei-indeksen i Tokyo fredag.
Foto: TORU HANAI / ReutersNaturleg korrigering
Men analytikarar har avdramatisert situasjonen, og sagt at det som har skjedd denne veka berre er ei heilt normal korrigering.
- Les også:
- Les også:
Det siste året har meir eller mindre vore ein samanhengande opptur. Før eller seinare måtte det komme ei korrigering, har omkvedet vore frå dei som følgjer aksjemarknaden tett.
- Les også:
– Vi har truleg sett det verste no, men det er for tidleg å seie sikkert om fallet er over. Men vi står fast ved vår vurdering om at dette berre er ei «normal» korrigering, seier analytikar Shane Oliver i AMP Capital.
– Ei korrigering på opptil 15 prosent må reknast som normalt, seier Oliver.