NRK Meny
Normal

Børsnedgang i Europa

Svak oljepris, og svak vekst i Kina skal vere blant årsakene til det store børsfallet i Europa i dag. For Shell betyr det 10.000 færre ansatte

AUTOSHOW-DETROIT/BMW File photo of a staff member cleaning the bonnet of a BMW 118i car during the Imported Auto Expo in Beijing

BMW er blant selskapa som har fått hard medfart på børsen i dag, men sveitsiske klokkemakaren Audemars Piguet fryktar ikkje for framtida.

Foto: NRK

Fleire viktige europeiske indeksar, frå London og Paris til Frankfurt, fall med om lag 3 % da børsane opna i dag.

Pessimismen er stor seier fondsforvaltar Andreas Clenow til BBC.

– Eg trur fallet vil vare ved i to til tre månadar. Eg trur ikkje vi vil få eit nytt 2008-scenario, men vi er heilt klart på veg inn i ein «bjørnemarknad».

Dette er ei omgrep som blir nytta når aksjeindeksane går nedover.

GERMANY-EUROPE-FINANCE-STOCKS

Uroa miner ved børsen i Frankfurt.

Foto: DANIEL ROLAND / Afp

Lønsemda til Shell halvert

Det kom nye dårlege nyhende for oljeselskapet Shell i dag. Aksjekursen sank 3,7%, i takt med oljeprisen. Det er venta liknande dårlege resultat frå andre store oljeselskap, i ei bransje der aksjeeigarane er godt vande til raust utbytte.

Shell har allereie kunngjort at profitten var halvert i fjerde kvartal i fjor, og at dei vil kvitte seg med ti tusen arbeidsplassar i år.

Mindre etterspurnad etter luksus

Nedgang gir mindre etterspurnad etter klassiske luksusprodukt, som tyske bilar, flybillettar, helseprodukt og elektronikk.

Bakgrunnen for dette er stagnasjon i Kina, som står for 34 % av den globale økonomiske veksten. Dette er ein viktig marknad for europeisk luksus.

CHINA-ECONOMY/GROWTH Workers get their lunch outside a construction site in the CBD area in Beijing

Kinesiske arbeidarar tek seg ein velfortent pause i Beijing. Kina har vore lokomotivet i verdsøkonomien. No fryktar investorane at den kinesiske veksten flatar ut.

Foto: JASON LEE / Reuters

Sveitsiske gullur held stand

Det er nokre luksusprodukt som sel godt uansett kor det går på børsane. Det hevdar i alle fall den sveitsiske urmakarane Audemars Piguet.

– Vi er ikkje redde for kriser, kundane våre vil likevel kjøpe, vi treng ikkje få panikk, seier Tim Sayler frå den Audemars Piguet til nyheitsbyrået Reuters.

Han er mest uroa over terroråtaka i viktige handlegater i Europa, som Paris.

Lav oljepris

Ei anna årsak til børsfallet er frykt for at verda vil bli oversumt av billegg iransk olje, no når sanksjonane der er heva.

Børsmeklarane meiner det er alt for risikabelt å kjøpe europeiske aksjar no.

– Oljeprisen knuser marknadane og entusiasmen, seier økonomen frå meklarhuset Hantec, Richard Perry, til nyheitsbyrået Reuters.

BRITAIN-ENERGY-EARNINGS-CUTS-BUSINESS-SHELL

Oljeselskapet Shell fall kraftig på børsen i dag. Direktøren har allereie kunngjort at dei skal seie opp 10 tusen tilsette.

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp

Asiabørsane ned

Eit frampeik på børsfallet i Europa kom i Asia. I Japan har ikkje aksjane vore mindre verdt sidan hausten 2014.

Årsaka er den kinesiske stagnasjonen. Veksten er framleis på respektable 6,9%, men så lite vekst har det ikkje vore på 25 år. Frykta er stor for at veksten vil halde fram med å stagnere inn i framtida.

Dei største taparane var elektronikkgiganten Sony og finansselskap.

Finansanalytikarane fryktar framtidig fallande etterspurnad etter jernmalm, olje og tunge maskiner, på grunn av situasjonen i Kina.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt