Born sprengde i lufta ved iskiosk

Fleire born vart drepne då ei bombe eksploderte utanfor ein iskremkiosk i Peshawar i Pakistan i dag.

Video nsps_upload_2009_5_16_12_52_45_896.jpg

Det var fleire born blant dei drepne i bombeeksplosjonen.

Kilde: NRK-AFP

11 menneske miste livet i angrepet, fleire av dei var kvinner og born, opplyser lokale tenestemenn.

Bomba gjekk av i ei travel handlegate i den tett befolka bydelen Kashkal i Peshawar.

Svært mange som har flykta frå kampane mellom pakistanske tryggingsstyrkar og Taliban har søkt tilflukt i denne byen.

Born drepne av bombe i Pakistan

11 menneske vart drepne i eksplosjonen, fleire av dei born.

Foto: EVN

Truleg Taliban

31 menneske vart såra, og tilstanden er kritisk for minst to av dei, opplyser ein lege ved det største sjukehuset i byen.

Rundt 17 bilar vart øydelagde i eksplosjonen.

Det er førebels uklart om det var ein sjølvmordsaksjon. Lokale styresmakter trur det var Taliban som stod bak bombeangrepet.

Angrepet kjem fem dagar etter at ein sjølvmordsbombar tok med seg 10 andre i døde ved ein militær kontrollpost sør for Peshawar

Offensiv i Swat

Den pakistanske hæren opplyste i dag at 47 Taliban-opprørarar er drepne dei siste 24 timane i offensiven som er sett i gang i Swat-dalen. Til saman er dermed over 1000 talibanar drepne i kampar sidan Pakistan innleidde offensiven sin sist månad.

Desse tala er ikkje stadfesta frå uavhengige kjelder. Det er også uklart kor mange sivile som er drepne i kampane.

Rundt ein million menneske skal ha flykta frå Swat-dalen for å kome unna kamphandlingane.

Talsmann for den pakistanske hæren, generalmajor Athar Abbas, seier at tryggingsstyrkane rykkjer stadig lenger inn i det Taliban-dominerte området, og at dei no nærmar seg den viktigste byen i Swat-dalen, Mingora.

Bombeeksplosjonen ramma ei travel handlegate i Peshawar.

Bombeeksplosjonen ramma ei travel handlegate i Peshawar.

Foto: EVN
I alt 19 bilar vart øydelagde i eksplosjonen.

I alt 19 bilar vart øydelagde i eksplosjonen.

Foto: EVN

NRK anbefaler

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt