Hopp til innhold

Over 20 born sit på dødscelle i Jemen og ventar på å bli avretta

SANA'A, JEMEN (NRK.no) I Jemen ventar over 20 ungdomar på si dødsstraff ved skyting. Men brota utførde dei då dei var born. Dermed går Jemen imot internasjonal barnerett – men òg sitt eige lovverk.

Barn i fengsel i Jemen

To av borna som sit fengsla i Jemens hovudstad Sana'a og ventar på at dødsdommane mot dei blir eksekverte.

Foto: Juan Herrero

George Abu al-Zulof

KJEMPAR KVAR DAG: George Abu al-Zulof i UNICEF står på heile tida for å hindre at nye born vert dømde til døden.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Det nye Jemen kan ikkje godta at born vert drepne.

George Abu al-Zulof seier det med kraft bak orda. NRK.no møter han heime i Sana’a, Jemens hovudstad. Dei siste fire åra har han jobba for FNs barnefond UNICEF her. Han har treft fleire av borna som sit på dødsceller i jemenittiske fengsel. Born som no berre ventar. Kvar dag jobbar UNICEF for at desse skal sleppe straffa. Men Abu al-Zulof jobbar mot eit steilt system.

– På det politiske nivået nektar dei framleis å anerkjenne problemet, fortel han oppgitt, og held fram:

– Me har gått frå elleve til 22 mindreårige kriminelle som no er dømde til døden.

Eg vil at verda skal få vite at dei avrettar mindreårige kriminelle. Ingen bryr seg med å sjekke sakene. Dersom du ikkje har nokon som kan hjelpe deg, avrettar dei deg – uansett om du er vaksen eller ei.

Qaid Youssef Omar al-Khadamy, mindreårig kriminell på dødscelle i Sana’a sentralfengsel. / Human Rights Watch

Dette strir derimot mot internasjonal rett. Jemen signerte og ratifiserte FNs barnekonvensjon i 1991. Dermed er landet plikta til å ikkje straffe menneske under 18 år med dødsdom. I tillegg bryt Jemen med sitt eige lovverk, forklarer George Abu al-Zulof.

– Eit viktig aspekt er definisjonen av ‘barn’ i det jemenittiske juridiske systemet. Jemen definerer ein mindreårig som ein under 15 år. Samstundes seier straffelova at ingen under 18 år kan dømmast til døden.

Det som skjer er derimot at born under 18 år ikkje vert dømde i ungdomsrettar, fordi dei ikkje er under 15. Men i dei vanlege domstolane tek ein ofte ikkje omsyn til lova om å ikkje dømme born under 18 til døden.

Korrupsjon er ein viktig grunn for dette. Mangel på fødselsattestar er ein annan. Det kjem fram i ein rapport frå organisasjonen Human Rights Watch.

Artikkelen fortset under bildet.

Barn i fengsel i Jemen

Fleire titals born som ventar på å bli avretta når de fyller 18, deler celle i fengselet i Jemens hovudstad Sana'a.

Foto: Juan Herrero

Hind al-Barati – eit offer for rettssystemet

UNICEF og andre organisasjonar jobbar med å anke avgjersler og utsetje datoar for avrettingane. Men det iherdige arbeidet hindrar ikkje styresmaktene frå å fullføre dødsdommar. Det gjaldt mellom anna for Hind al-Barati.

– Om morgonen den 3. desember kom beskjeden, fortel George, og held fram:

– Dei avretta henne ved å skyte henne. Dei gav alle – inkludert familien – beskjeden veldig seint. Dette for å hindre at menneskerettsorganisasjonar fekk vite noko.

Hind al-Barati si historie er tragisk. Ho hørte til ei marginalisert gruppe i Jemen. Dei vert kalla al-akhdaam, eit negativt ladd omgrep som siktar til mørkhuda jemenittar som stammar frå det afrikanske kontinentet. Ho hadde ingen mektige vener å ty til.

Ho var 16 då ho vart dømd for drap. Ifølgje UNICEF stadfesta fleire skriftlege kjelder dette. Mest sannsynleg godtok ikkje familien til offeret noko anna enn strengaste straff. Og mot ein korrupt domstol hadde ikkje Hind al-Barati ein sjanse.

Eg var ung, og eg angrar på det eg gjorde. Me får den mest ekstreme straffa, og me er born! Me burde ha fått straff som passar til alderen vår. Dette vil me: at dei ser på oss med nådefulle auge.

Bashir al-Dihar, mindreårig kriminell på dødscelle i Sana’a sentralfengsel. / Human Rights Watch

Bevis for at dei var under 18

Rapporten frå Human Rights Watch stadfestar slike historier. Gjennom 2012 har organisasjonen intervjua fleire innsette i Jemens fengsel. Felles for dei alle er at dei hevdar å ha vore under 18 år då dei gjennomførte brotet som førte til dødsstraffa.

– Kor mange av sakene har klare bevis for at dei faktisk var under 18?

– I dei 22 sakene har me klare bevis for at dei var under 18. I tillegg er no tre nye saker under gransking, fortel George Abu al-Zulof.

Bevismaterialet inkluderer fødselsattestar og andre skriftlege dokument som kan stadfeste alderen. Desse vert i mange høve ganske enkelt avfeide.

Artikkelen fortset under bildet.

Abdul Aziz

16 år gamle Abdul Aziz er eit av borna i fengselet i Jemens hovudstad Sana'a som ventar på å bli avretta.

Foto: Juan Herrero

Mange manglar fødselsattest

Likevel, ein generell mangel på fødselsattest i Jemen skaper store problem i slike rettssaker. Berre 22 prosent av alle jemenittar har sin eigen fødselsattest. Og utan uavhengige prosessar for å stadfeste alder i jemenittiske rettssalar, står dei tiltalte føre vanskelege rettsprosedyrar.

– UNICEF har starta eit program som jobbar mot eit elektronisk system for å registrere fødslar, seier Abu al-Zulof.

Han meiner òg at det er andre prosessar som må setjast i gang. Ein uavhengig rettsmedisinsk komité er eitt viktig steg i rett retning, meiner han. Politikarane i Jemen har lova dette, men førebels har ingenting skjedd. UNICEF er berre ein av fleire organisasjonar som etterlyser politisk vilje til å gjere noko med desse sakene.

Departementet for menneskerettar jobbar med sakene

Fouad al-Ghaffari

LITE RESSURSAR: Fouad al-Ghaffari i Jemens menneskerettsdepartement seier dei jobbar på spreng med saker som dette. Han innrømmer likevel at dei lid under små ressursar.

Foto: Privat

– Det at Human Rights Watch var her og gjorde denne rapporten under oppsyn av regjeringa, viser at me gjer vårt beste, seier Fouad al-Ghaffari.

Han er talsperson i Jemens departement for menneskerettsspørsmål. Ein vital, men liten del av det nye Jemen. Sjølv om det nye departementet får mykje skryt for arbeidet dei gjer, erkjenner al-Ghaffari at få ressursar gjer at dei langt frå får dekka alle menneskerettssaker i landet.

– Me har eit offisielt budsjett på berre éin million riyal [i overkant av 25 000 kroner, journ. anm.], seier han.

Det er berre ein brøkdel av større, høgare prioriterte, departement i Jemen. Og sjølv om dei får mykje økonomisk støtte frå utanlandske donorar, så jobbar menneskerettsdepartementet under vanskelege tilhøve. Al-Ghaffari lovar likevel at styresmaktene jobbar for fullt med å endre systemet som no tek livet av mindreårige kriminelle.

– Me les rapporten og tilrådingane frå Human Rights Watch veldig nøye. I samråd med regjeringa og andre departement skal me finne ut kva som kan gjerast vidare, seier han.

– Så arbeidet er i gang?

– Me tek aldri feriar i dette departementet!

Og departementet får skryt frå George Abu al-Zulof i UNICEF.

– Departementet for menneskerettsspørsmål jobbar veldig hardt for å sikre barns rettar. Dei har ei underavdeling som berre jobbar med klager som gjeld menneskerettsbrot mot born, seier Abu al-Zulof. Men han kjem òg med kritikk:

– Eg må derimot seie at departementet har veldig avgrensa ressursar. Deira kapasitet må styrkast, og dekke alle menneskerettsspørsmål i Jemen.

I tillegg høyrer til departementet nettopp dei kreftene dei skal kjempe mot. Abu al-Zulof og UNICEF krev at styresmaktene opprettar eit uavhengig menneskerettsorgan.

Å stoppe avrettingar av mindreårige kriminelle er ein klar og tydeleg veg som Jemens regjering bør ta for vise at dei bryr seg om deira forpliktingar overfor menneskerettane.

Priyanka Motaparthy, Human Rights Watch / Priyanka Motaparthy, Human Rights Watch

Ny avretting gjennomført

Som eit tragisk apropos: for to dagar sidan vart ein av dei 22 på dødsceller avretta. Skoten av ei gruppe bødlar. Namnet hans var Abdel Karim Mohammed Haza’a. I 1999 vart han dømd for drap. Han hevda at han var 17 år då det skjedde. Ein fødselsattest indikerte det same, men vart avfeidd av domstolen som falsk.

Både UNICEF, Human Rights Watch og Amnesty International kjempa for å hindre avrettinga av Mohammed Haza’a. Dei meinte alle at saka måtte takast opp att. Arbeidet kom ikkje Haza’a til gode. Men kanskje andre. Det politiske systemet i Jemen er vanskeleg å bryte gjennom. Endring kjem ikkje lett. Organisasjonar håpar no at Haza’a sin død skal hjelpe til med å hindre nye avrettingar av mindreårige kriminelle.

Inntil vidare er Jemen eitt av berre fire land i verda som dømmer mindreårige til døden. Selskapet deira? Iran, Saudi-Arabia og Sudan.

For tida står så mange som 180 mindreårige kriminelle i fare for å verte dømde til døden i Jemen.

SISTE NYTT

Siste nytt