Hopp til innhold

Boris Johnson går av – May sår tvil om brexitavtale

Storbritannias utanriksminister Boris Johnson går av, opplyser statsminister Theresa May. I parlamentet i ettermiddag sa May at det er stor sjanse for at Storbritannia forlèt EU utan ein Brexit-avtale.

Boris Johnson.

Boris Johnson trekkjer seg frå utanriksminister-posten i den britiske regjeringa.

Foto: Daniel Leal-olivas / AFP

Avgangen skjer berre timar etter at brexitminister David Davis trekte seg frå regjeringa . Dette betyr at regjeringa til Theresa May er inne i si verste krise hittil. Fleire observatørar meiner det no er fare for at heile regjeringa raknar.

Ein talsmann for May seier i kveld at ho vil kjempe tilbake mot alle forsøk på å fjerne henne frå statsministerposten.

Det er spørsmålet om brexit som har splitta regjeringa .

Boris Johnson seier i ein kommentar i kveld at Storbritannia går mot ein semi-brexit og ikkje ei skikkeleg lausriving. Han poengterer at han er sterkt usamd i brexitplanen til Theresa May, og at han derfor ikkje lenger kunne halde fram i regjeringa.

– Storbritannia risikerer å ende opp som ein EU-koloni, åtvarar eks-utanriksministeren.

– Takk for innsatsen

Theresa May i parlamentet.

Theresa May orienterte om brexitplanen i parlamentet i ettermiddag, kort tid etter at Boris Johnson gjekk av som utanriksminister.

Foto: Ho / AFP

Theresa May seier i ei fråsegn i ettermiddag at ho har godteke avgangen til Johnson, og at ho vil kunngjere ein etterfølgjar i løpet av kort tid. Ho takkar Johnson for innsatsen i tida han har vore utanriksminister, men vedgår også at dei to har hatt ulikt syn på gjennomføringa av brexit.

Meldinga om at Boris Johnson går av kom kort tid før statsminister Theresa May skulle orientere parlamentet om den nye brexitplanen sin, ein plan som har skapt sterke reaksjonar blant ein del av parlamentarikarane frå Det konservative partiet.

I talen sin til parlamentet sa Theresa May blant anna at regjeringa no kjem til å trappe opp planane for å forlate EU utan ein avtale.

– Dersom EU held fram på sin noverande kurs er det ein alvorleg risiko for at vi forlèt EU utan ein avtale. Som ei seriøs regjering må vi planleggje for fleire alternativ, også Brexit utan ein avtale med EU, sa ho blant anna.

Ho varsla også at regjeringa vil offentleggjere eit dokument om brexit førstkomande torsdag. Statsministeren sa også at regjeringa sin plan kan føre forhandlingane med EU framover.

May gjorde det samstundes klart at det ikkje blir ei ny folkerøysting om brexit.

Boris Johnson var ein sterk forkjempar for at Storbritannia skulle gå ut av EU-samarbeidet før folkerøystinga, som enda med eit knapt fleirtal for brexit.

– Kan opne for full krise

Politisk redaktør i BBC, Lara Kuenssberg, seier at avgangen til Boris Johnson har sett Theresa May og regjeringa hennar i ein pinleg og vanskeleg situasjon, og det kan opne for full krise. Ho seier at Johnson var meir enn ein vanleg minister, fordi han var sjølve symbolet på kampanjen for å forlate EU.

Grant Shapps.

Grant Shapps, tidlegare partisekretær for Det konservative partiet, meiner dei ikkje har tid til maktkamp i partiet no.

Foto: Paul Ellis / AFP

– Det at han går av vil gi vatn på mølla til dei som ynskjer å utfordre posisjonen til Theresa May som leiar i Det konservative partiet, seier Kuenssberg til BBC.

Samstundes seier ho at det ser ut til at May likevel har eit fleirtal i partiet bak seg.

Storbritannia-ekspert Per Edgar Kokkvold seier til NTB at Boris Johnson i denne saka har vore illojal mot statsministeren over ein lengre periode.

– Johnson har kome med dårleg skjult kritikk av May gjennom heile brexit-perioden. At han går av no har nok samanheng med at han er misnøgd med politikken, men eg reknar med at han også tenkjer på sin eigen karriere, seier han.

– Det er dei som seier at Johnson ikkje gjer eit einaste trekk, utan at han tenkjer på seg sjølv først, legg han til.

– Ikkje tid til maktkamp

Tidlegare partisekretær Grant Shapps, som i fjor bad May om å vurdere stillinga si, seier i dag at det no ikkje er tid for å spekulere om nokon vil utfordre Theresa May. Han trur ein slik maktkamp vil ta fleire månader, og at Storbritannia ikkje har tid til dette no.

Han grunngir det med at Storbritannia skal forlate EU i mars neste år, og at begge sider ynskjer ein brexitavtale innan oktober i år.

Nigel Farage, tidlegare partileiar for UKIP (Sjølvstendepartiet) jublar på Twitter over at Boris Johnson har trekt seg. Han håpar at dette er det som skal til for å bli kvitt Theresa May, slik at brexit kan kome tilbake på sporet igjen.

Laster Twitter-innhold

Han utfordrar også justisminister Michael Gove til å bestemme seg for kva han set først av partiet og landet, og av karriere eller prinsipp.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt