Hopp til innhold

Boris Johnson erstatta av smeltande isskulptur

I Storbritannia har det brote ut ordkrig mellom Tory-partiet og Channel 4 etter at TV-kanalen plasserte ein isskulptur i statsminister Boris Johnsons stad då han ikkje ville delta i ein debatt.

Klimadebatt i Channel 4 med isskulptur i Boris Johnsons sted

Då Boris Johnson ikkje møtte opp til Channel 4s klimadebatt vart han erstatta av ein isskulptur som smelta i løpet av TV-sendinga.

Foto: Kirsty O'Connor / AP/NTB Scanpix

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Skulpturen var forma som ein jordklode, og var utsmykka med logoen til det konservative Tory-partiet. Han smelta under sendinga, melder Sky News.

Leiaren av brexitpartiet Nigel Farage, som også takka nei til å delta, vart erstatta på same måte.

Det konservative partiet seier at dei foreslo at Michael Gove kunne stille til debatten, men fekk nei frå TV-kanalen.

Gove møtte likevel opp til debatten, men fekk ifølgje Sky News beskjed om at han ikkje fekk delta. Kanalen seier at dei spurde dei andre partileiarane om dei ønskte å debattere mot Gove, noko alle avslo.

Dei konservative har i ettertid skrive til Ofcom, Storbritannias regulerings- og konkurransestyresmakt for kommunikasjonsindustrien, der dei hevdar at Channel 4s avgjerd var i strid med kringkastingsloven.

SISTE NYTT

Siste nytt