Boris Johnson ber Trump halde seg unna

Britanes statsminister Boris Johnson seier «det ville vere best» viss USAs president Donald Trump ikkje blandar seg inn i valet når han kjem til London for Nato-toppmøte neste veke.

Boris Johnson foan plakat som sier "Get brexit done"

Storbritannias Boris Johnson ønsker ikkje Trumps offentlege støtte i valet.

Foto: Frank Augstein / AP/NTB Scanpix

I oktober kom Trump med råd om kva Johnson burde gjere i valkampen. Han meinte mellom anna at Johnson burde samarbeide med Nigel Farage i Brexit-partiet, og kom med negative karakteristikkar av Labour-leia Jeremy Corbyn.

Årsaka er, ifølgje The Times, at Dei konservative fryktar at Trumps offentlege støtte til Boris Johnson kan bli brukt som ammunisjon av Labour-leiaren.

Til radiokanalen LBC seier Johnson at Storbritannia og USA har eit nært forhold på alle nivå, men at det er best om dei ikkje blandar seg inn i kvarandres val.

– Det vi tradisjonelt ikkje gjer, som gode venner og allierte, er å involvere oss i valkampane til kvarandre, seier Johnson.

USAs president har tidlegare kalla Johnson «Storbritannias Trump». I intervjuet i oktober sa han at det ville vere «så dårleg» for Storbritannia dersom Corbyn skulle bli statsminister.

Corbyn svarte då med å tvitre at «Trump prøver å blande seg inn i valet i Storbritannia for å få vennen sin Boris Johnson valt».

Britane går til val 12. desember.

Trump besøker Storbritannia i samband med eit Nato-møte.

SISTE NYTT

Siste nytt