Hopp til innhold

Børge Ousland på tynn is i Polhavet: – Vi må dra i nødbremsen no

– Det å kunne reise med båt heilt opp til 85 grader og 30 minutt nord, ville vere heilt utenkjeleg berre for eit par tiår sidan. Vi ser at det er langt mindre is i Polhavet enn før, seier polfarar Børge Ousland.

Børge Ousland og Mike Horn i Polhavet

Store råker og tynn is har vore ei utfordring på turen over Polhavet.

Foto: Mike Horn

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Børge Ousland er på veg tvers over Polhavet, frå Alaska til Svalbard via Nordpolen. Han ser effekten av klimaendringane med eigne auge.

– Klimaendringane skjer her og no, og denne turen her er eit veldig godt eksempel på det, seier Ousland til NRK.

Når folk går til Nordpolen på ski, skjer det helst om våren, når dagane har begynt å bli lyse, og isen er solid etter ein lang vinter.

Denne turen er spesiell. Saman med kollega Mike Horn har Børge Ousland sett kursen mot nord mens det blir mørkare og kaldare for kvar dag som går.

polhavet

Børge Ousland og Mike Horn kryssar heile Polhavet frå Alaska til Svalbard, først med båt (blå linje), så på ski (raud linje) og så med båt igjen (blå linje).

Grafikk: Joakim Digernes-Nordström / NRK

Først båt, så ski, så båt igjen

Dei kombinerer båt og ski når dei no er på god veg frå den eine sida av Polhavet til den andre. Ein tilsvarande ekspedisjon er aldri blitt gjennomført tidlegare.

Turen starta i Nome i Alaska 25. august, og er planlagt å vare i tre månader. Saman med mannskapet på reisekompanjong Mike Horn sin båt, Pangaea, drog dei gjennom Beringstredet og nordover mot isen.

Tar farvel med mannskapet på Pangaea, og legg i veg på ski mot Nordpolen og vidare i retning Svalbard.

Børge Ousland og Mike Horn tar farvel med mannskapet på Pangaea, og legg i veg på ski innover isen.

Isen i Polhavet smeltar gjennom heile sommaren, og er vanlegvis på sitt minste rundt denne tida i september. Så begynner det å fryse på igjen. Ein førebels rapport frå National Snow and Ice Data Center viser at isdekket i september i år er det nest minste sidan målingane med satellitt starta.

Det var viktig å finne eit tidspunkt der dei kunne komme seg så langt nordover som mogeleg med båten. Dette fordi distansen på ski skulle bli høveleg lang.

– Pangaea er ein stor seglbåt, men det er jo ingen isbrytar. På den eine sida skulle båten komme seg inn i isen, på den andre sida skulle den også komme seg ut igjen, samtidig som Mike og eg var avhengige av å kunne fortsetje vidare på ski. Det gjekk heldigvis bra, og no har det frose såpass på at vi kan gå på ski der det for kort tid sidan var ope vatn, seier Ousland.

Pangaea i Polhavet

Seglbåten Pangaea er framme i isen. Snart kan turen på ski starte.

Foto: Etienne Claret

Lappeteppe av is og ope vatn

Skituren starta 12. september, men det er først no, dei siste dagane, dei har fått meir solid is under skiene.

Ousland er overraska over å at isen på første del av turen har vore såpass fersk, det er i stor grad is som ikkje har «overlevd» sommaren. Før var det langt meir av såkalla fleirårsis i Arktis, altså is som ikkje smelta mellom vintersesongane. Den isen er meir solid.

– Vi kom til eit lappeteppe av is og ope vatn. Vi har lagt bak oss rundt 100 kilometer på ski no, og det har verkeleg vore ein kamp mot elementa, med store mengder vatn og tynn is. Vi har padla over råker 10–15 gonger om dagen, og vi har begge gått gjennom isen. Så det har vore nok av utfordringar, fortel Ousland.

 Børge Ousland og Mike Horn

Børge Ousland (t.v.) og Mike Horn er klare til å starte skituren mot Nordpolen og vidare i retning Svalbard.

Foto: Dmitry Sharomov

Dei siste dagane har dei lagt bak seg rundt 20 kilometer i døgnet. Men det er langt igjen.

– Framleis er det 1350 kilometer igjen å gå. Det er 350 kilometer til Nordpolen, og derifrå er det 1000 kilometer ned mot iskanten nord for Svalbard. I desse dagar startar mørketida på Nordpolen, så det blir raskt mørkare og kaldare. Vi reknar med temperaturar heilt ned mot 40 minusgrader, seier Ousland.

This image shows the Arctic sea ice age in August, 2019
This image shows the Arctic sea ice age in August, 1987

August 1987 mot august 2019.

VISUALISERING: NASA's Scientific Visualization Studio

Skal gå i bekmørke

Når turen på ski er fullført, blir dei henta av den same seglbåten, som har flytta seg til Svalbard, og går nordover til iskanten for å møte dei to polfararane.

– Vi har igjen mat til 75 dagar, så viss vi når Nordpolen om ca. 20 dagar, så har vi 55 dagar på å komme oss ned mot Svalbard. Og det bør kunne gå. Vi vil også ha hjelp av isdrifta. Men det er klart, å gå ut mot iskanten nord for Svalbard i bekmørke i november, det kjem til å bli ei utfordring, seier den erfarne polfararen.

Børge Ousland og Mike Horn er veteranar i denne «bransjen». I 2006 gjekk dei saman til Nordpolen, og nådde polpunktet 23. mars.

– Denne turen er i stor grad basert på erfaringane frå den i 2006. Vi kan isen, vi kan kulde, vi kan gå i mørke, og vi har planlagt denne turen i tre år. Vi er godt førebudde.

Børge Ousland og Mike Horn i Polhavet

Det er ikkje akkurat «trikkespor» på veg mot Nordpolen.

Foto: Mike Horn

– Stort paradoks

– Korfor har de lagt ut på denne ekspedisjonen?

– Vi ønskjer først og fremst å gjennomføre denne turen fordi det er ei klassisk polferd som vi har drøymt om lenge. Men paradokset er jo at det er klimaendringane som gjer denne turen mogeleg, rett og slett fordi det er blitt så lite is. Så vi håpar at folk skal få auga opp for kva som eigentleg skjer med isen i Arktis, seier Ousland.

Frå teltet der oppe på isen reflekterer han over det han ser rundt seg, og den utviklinga han har sett etter mange turar i Arktis.

– Eg meiner at klimaendringane er den største utfordringa vi menneske står overfor. Og eg trur vi har komme til eit punkt der det ikkje nyttar å seie at dette kjem til å gå bra dersom vi set på bremsa ein gong i framtida. Eg trur det har komme såpass langt allereie at vi rett og slett må trekkje i nødbremsa no, seier Ousland.

 Børge Ousland og Mike Horn

Børge Ousland (t.v.) og Mike Horn er på veg tvers over Polhavet.

Foto: Mike.Horn.com

SISTE NYTT

Siste nytt