Hopp til innhold

Brende åtvarar Sør-Sudan mot å stengje ute utlendingar

– Utestenging av utanlandsk arbeidskraft vil få alvorlege konsekvensar for store grupper i Sør-Sudan, og vi ber landet om ikkje gå til dette steget, seier utanriksminister Børge Brende (H).

Sultende i Sør-Sudan

Sør-Sudan er trua av ei stor svoltkatastrofe. Fire millionar menneske er avhengige av internasjonal hjelp.

Foto: Pawel Krzysiek / ICRC

Det var i går at sjokkmeldinga frå sørsudanske styresmakter kom om at all utanlandsk arbeidskraft i landet skal erstattast av sørsudanarar i løpet av fire veker. Utanriksminister Brende håpar at styresmaktene i den ferske staten tenkjer langsiktig på korleis dei kan ta over tenester frå internasjonale organisasjonar.

Utenriksminister Børge Brende i Bodø

Utanriksminister Børge Brende åtvarar Sør-Sudan mot å setje planane om å stengje ute utlendingar.

Foto: Einar Breivik / NRK

– Store delar av helse- og sosialtilboda til folket i Sør-Sudan kjem frå internasjonale frivillige organisasjonar og samarbeidspartnarane deira. I den aktuelle konfliktsituasjonen, med ein svært alvorleg humanitær situasjon, vil ei slik avgjerd få alvorlege konsekvensar, seier Børge Brende til NRK.no.

– Vi følgjer utviklinga i denne saka svært nøye, legg han til.

Utanriksminister Barnaba Marial Benjamin seier i kveld at hjelpeorganisasjonar i Sør-Sudan berre kan tilsette utlendingar, dersom dei ikkje finn sørsudanarar som er kvalifiserte for jobben.

Avhengig av internasjonal hjelp

Det har skapt stor uro i mange humanitære organisasjonar at dei må skifte ut utlendingane i arbeidet sitt i Sør-Sudan med lokalt tilsette i løpet av ein månad. Det er enorm arbeidsløyse i landet, og mange ser på utlendingar som arbeider i landet som ein trussel.

Samstundes er landet heilt avhengig av internasjonal hjelp. Fire millionar menneske er avhengige av naudhjelp og ein firedel av innbyggjarane er på flukt. Samstundes er også det private næringslivet avhengig av utlendingar, og det er frykt for at landet kan bli kasta ut i eit endå verre kaos om utlendingane forsvinn.

Generalsekretær Anne-Marie-Helland i Kirkens Nødhjelp er også uroa over meldingane frå Sør-Sudan. Ho har snakka med organisasjonen sin representant i hovudstaden Juba, og dei ventar ei nærmare forklaring frå styresmaktene.

Kirkens Nødhjelp har rundt 90 tilsette i Sør-Sudan, men berre seks av dei er utlendingar. Det har vore ei klar målsetjing for organisasjonen i fleire år å rekruttere sørsudanarar til stillingar.

LES OGSÅ: Dette er verdens «skjøreste» land

Truande svoltkatastrofe

Generalsekretær Anne-Marie Helland i Kirkens Nødhjelp.

Anne-Marie Helland er generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, som har åtte utanlandsk tilsette i Sør-Sudan.

Foto: Laurie MacGregor/Kirkens Nødhjelp

– Likevel vil dei ikkje å greie å ta over etter utlendingane berre i løpet av ein månad. Med ei truande svoltkatastrofe i landet så er det viktigare enn nokon gong at alle deltek, uavhengig av pass, seier Anne-Marie Helland.

Ho minner også at også store delar av den økonomiske aktiviteten i landet er avhengig av utlendingar. Dersom det er slik at alle utlendingar i landet skal erstattast i løpet av fire veker, så kan det bli problem i landet.

– Vi vil ha store problem med å erstatte dei seks utlendingar vi har i løpet av fire veker. Det ville vi hatt problem med også her i Noreg, legg ho til. Det vil få alvorlege konsekvensar for tempoet og korleis vi greier å få ut hjelp i ein kritisk fase. Det vil forseinke oss kraftig om vi midt i ei humanitær krise skal rekruttere og drive opplæring av nytt personell, seier Helland.

LES OGSÅ: FNs menneskerettsleder refser Sikkerhetsrådet

LES OGSÅ: Slipper nødhjelp fra fly for første gang på nesten 20 år

– FN vil følgje opp

Anne Marie Helland opplyser at dei ikkje har fått direkte informasjon frå styresmaktene i Sør-Sudan. Informasjonen har gått til ein paraplyorganisasjon for dei frivillige organisasjonane som jobbar i landet, og dei vil følgje opp dette.

– FN følgjer også opp, og vi håper også at norske styresmakter har denne saka på dagsordenen. VI er sterkt uroa over den humanitære situasjonen i Sør-Sudan og det hastar med å få ut naudhjelp. Vi håper at dei sørsudanske styresmaktene ikkje meiner det like alvorleg som det er framstilt, slik at vi får gjort jobben vår, seier ho.

Liv Tørres i Norsk Folkehjelp

Liv Tørres er generalsekretær i Norsk Folkehjelp, som har store prosjekt gåande i Sør-Sudan.

Foto: Farid Ighoubah / NRK

Generalsekretæren meiner det ikkje er tvil om at fleire millionar menneske i landet opplever akutt matmangel. Mange er sårbare, ikkje minst dei mange internt fordrevne.

– Dei er heilt avhengige av hjelp utanfrå. Å stengje ute utlendingane vil gjere vondt verre, seier ho til NRK.

LES OGSÅ: Verdens vonde sår

– I ein kritisk fase

Sør-Sudan er prega av skrikande mangel på kvalifisert arbeidskraft. Berre rundt 25 prosent av innbyggjarane kan lese og skrive.

– Dette vil kunne lamme heile landet i ein kritisk fase, seier Liv Tørres, som er generalsekretær i ein av dei største bistandsorganisasjonane i Sør-Sudan, Norsk Folkehjelp.

Norsk Folkehjelp er ein av dei største bistandsaktørane av dei alle i Sør-Sudan og har vore i landet sidan 1986. Organisasjonen har rundt 800 sørsudanske og rundt 30 utanlandske tilsette.

SISTE NYTT

Siste nytt