Hopp til innhold

Massegrav 1250 år eldre enn ekspertane trudde

Laurdag blei det funne ei massegrav med 167 lik i Mexico. Ekspertar meinte dei var minst 50 år gamle. Så viste det seg at grava er nærare 1300 år gammal.

Hovudskallar som kan daterast 1300 år bak i tid

Hovudskallar og beinrestar frå 167 lik blei funnen i ei massegrav i Mexico laurdag.

Foto: Ap

Restane av 167 lik blei laurdag funne i ei grotte nær grensa mot Guatemala i delstaten Chiapas i Mexico.

Etterforskarar har prøvd å fastslå alder, kjønn og dødsårsak på ofra, seier ein anonym politimann til Reuters. Meksikanske myndigheiter gjekk raskt ut og meinte at massegrava måtte vere «minst 50 år gammal.»

Kunne vere frå borgarkrigen

Myndigheitene og det militære jobbar no for å grave opp lika og transportere dei til analyse.

Først gjekk ekspertane ut med at massegrava, etter tilstanden av lika å dømme, var om lag femti år gammal. Så feil kan ein ta.

I Guatemala starta ein 36 år lang borgarkrig i 1960. 250 000 menneske blei drepne og 45 000 menneske er sakna. Aktivistar mistenker at desse blei drepne av soldatar og gravlagt på hemmelege stader.

I seinare tid har narkotikagjengar dumpa lika til hundrevis av offer i massegraver. Først var det sannsynleg at denne grava stamma frå ein av desse to.

Ekspertar bomma med 1250 år

Hovudskaller frå ei massegrav i Mexico

Hovudskallene var litt eldre enn ekspertane først trudde.

Foto: Ap

Så viser det seg at dei bomma litt.

Nærare bestemt bomma dei med om lag 1250 år.

I ein offisiell uttale frå myndigheitene i delstaten Chiapas, kjem det fram at grava er nærare 1300 år gammal. «Minst 50» var ei lita feilrekning med andre ord.

Grava blei oppdaga i ei grotte på ein gard nær byen Frontera Comalapa, 18 kilometer frå grensa til Guatemala.

Ein talsmann for det nasjonale antropologi-instituttet i Mexico sa at denne staden er veldig lik kyrkjegardar som blir datert frå mellom år 700 til 1200.

Kan vere Maya-grav

Rettsmedisinske ekspertar og antropologar seier no at hovudskallane som blei funne viser teikn på kunstig deformasjon, noko som blei praktisert for over 1000 år sidan av dei innfødde Maya-indianarane i området.

Maya-indianarane som levde i Sør-Mexico og Guatemala, brukte plankar for å flate ut og gjere skallen til spedbarn lengre, og det har blitt funne spor etter dette på hovudskallane frå grava.

Det blei også funne keramikk som daterer seg til då Maya-indianarane budde i dette området. Dette underbygger teorien om at lika er nærare 1300 år gamle enn 50 år.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt