NRK Meny
Normal

- Ein bløff

Bombetrugselen som i føremiddag blei retta mot det greske finansdepartementet, var ein bløff.

Politimann foran finansdepartementet i Aten, Hellas

Området framfor finansdepartementet i Hellas var i føremiddag sperra av grunne eit bombetrugsmål.

Foto: YIORGOS KARAHALIS / Reuters

Gresk politi evakuerte torsdag føremiddag finansdepartementet i Athen på grunn av ein bombetrugsel.

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters mottok departementet ei anonym telefonoppringing kl.12.50 lokal tid. Beskjeden frå innringaren var at bomba skulle gå av kl.13.00 torsdag.

Bløff

Politiet sperra av bygningen og saumfarte bygget for ei eventuell bombe, menn fann ingenting.

– Saumfaringa er over. Det var tomme trugslar, her er inga bomba, seier ein

Ein politimann held vakt utanfor finansdepartementet i Hellas

Ein politimann held vakt utanfor finansdepartementet i Hellas etter bombetrugselen torsdag.

Foto: YIORGOS KARAHALIS / Reuters

politibetent til Reuters.

Trugslane kom i forkant av ein konferanse som den greske finans­ministeren George Papaconstantinou skulle delta i torsdag føremiddag.

Konferansen, der finansministeren skulle kommentere resultatet av ein EU-inspeksjon er flytta til i ettermiddag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt