Hopp til innhold

Bomber mot restaurant i Somalia

To sjølvmorsdbombarar gjekk laurdag til åtak på ein restaurant i den somaliske hovudstaden Mogadishu. Ein person vart drepen, ifølgje vitne.

Sjølvmordsbombarar slo til mot restaurant i Mogadishu

Sjølvmordsbombarar slo til mot restauranten Village i Mogadishu i Somalia laurdag.

Foto: Mohamed Abdiwahab / Afp

Dei to gjerningsmennene skal ha prøvd å koma seg inn i sjølve restauranten, men vart drepne før dei kom så langt.

Dei skal ha skote mot vaktane ved porten. I det dei var innanfor eksploderte bombene.

Den tredje personen som vart drepen, skal ha vore ein av vaktane. Ifølgje eit augevitne var det kraftig skotveksling utanfor restauranten før eksplosjonane.

To åtak mot same restauranteigar

Eigaren av restauranten Village er ein somaliar som nyleg flytta tilbake til heimlandet etter fleire år i London.

I september blei 18 menneske drepne i eit sjølvmordsåtak mot ein annan restaurant med same eigar. Tre av dei drepne var journalistar.

Det er førebels uvisst kven som står bak sjølvmordsåtaket, men al Shabaab-militsen som er tilknytta terrornettverket al Qaida, har utført liknande åtak i Somalia tidlegare.

Islamistopprørarane i al Shabaab er framleis ein stor trugsel mot tryggleiken i landet, sjølv om dei er blitt pressa ut av Mogadishu og andre byar av fredsbevarande styrkar frå Den afrikanske Unionen.

I september angreip militsen eit hotell medan president Hassan Sheikh Mohamud og den kenyanske utanriksministeren var til stades. Begge to kom frå åtaket utan skadar, men åtte andre menneske vart drepne.

SISTE NYTT

Siste nytt