Hopp til innhold

Trusselmannen i Stockholm utan sprengstoff

Bombemannen i Gamla Stan i Stockholm er arrestert, opplyser politiet. Det viste seg at han slett ikkje hadde sprengstoff på seg, slik han påstod.

Pågripelse Stockholm

VIDEO: Sjå arrestasjonen av bombemannen i Stockholm.

Dramaet i sentrum av den svenske hovudstaden varte i fem timar. Ved 19.40-tida, etter vel ein og ein halv time med forhandlingar med politiet på telefon, gav mannen opp. Mannen gjekk ut på gata utanfor bygningen, tok av seg det meste av kleda og heldt hendene i vêret før han vart gripen.

Væpna politi i Stockholm.

Væpna politifolk utanfor bygningen i Stora Nygatan 26 i sentrum av Stockholm.

Foto: Bertil Ericson / NTB scanpix

Bombeekspertar har no undersøkt det som augevitne har fortalt var eit bombebelte han hadde rundt livet. Undersøkingane viser at det ikkje var snakk om sprengstoff, opplyser politiet.

Pressetalsmann for politiet, Kjell Lindgren, seier at arrestasjonen var udramatisk og at ingen er skadd. Politiet går no gjennom lokala der mannen oppheldt seg i fem dramatiske ettermiddagstimar.

Siktinga er endra frå grove ulovlege truslar til førebuing til grov øydelegging til fare for andre menneske, opplyser politiet.

– Mann med bombebelte

Det var like før klokka 14.30 i dag at einmann som vitne sa hadde eit bombebelte på seg, tok seg inn i ein bygning i Gamla Stan i Stockholm. Han retta truslar mot dei politiske partia Moderaterna og Socialdemokraterna. Politiet opplyser at mannen ikkje hadde medhjelparar.

Organisasjonen Civil Right Defenders evakuerte kontorlokala sine i bygningen på Stora Nygatan 26, etter at mannen tok seg inn der. Partiet til statsminister Fredrik Reinfeldt, Moderaterna, sine lokale i nabobygningen Stora Nygatan 30 vart også evakuerte. Også Socialdemokraternas lokale i Sveavägen like ved vart tømde for folk.

Også kontora til eit anna parti i Riksdagen, Folkpartiet, vart evakuerte, men dette var fordi det ligg nær dei andre geografisk. Det skal ikkje ha vore retta truslar mot dette partiet, opplyser politiet.

SVT om mulig arrestasjon

VIDEO: SVT om arrestasjonen.

Politiet rykte ut til staden med store mannskap, inkludert bombeekspertar og mannskap frå Den nasjonale innsatsstyrken, det svenske antiterrorpolitiet.

Augevitne fortalde at mannen hadde eit bombebelte på seg, men politiet ville ikkje stadfeste dette. Dei sa likevel at han truleg hadde ein «bombegjenstand» på seg.

Stor politiaksjon

Det vart sett i verk ein stor politiaksjon på staden. Områda rundt dei to bygningane er avsperra, og det er også i kveld mange politibilar utanfor. Heile bygningen i Stora Nygatan 26 vart evakuert, og ifølgje politiet var bombemannen åleine i bygningen før arrestasjonen.

Politiaksjonen førte til fullstendig trafikkaos i ettermiddagsrushet i Stockholm.

Politiaksjon i Stockholm.

Politiet har sperra av eit stort område i Gamla Stan i det sentrale Stockholm på grunn av trusselen.

Foto: Bertil Ericson / NTB scanpix

Også Socialdemokraterna sine lokale på Sveavägen vart evakuerte og sette under politiovervaking. Her undersøkte politiet ein bil som står parkert utanfor bygningen.

Litt før klokka 17.30 opplyste politiet at bilen var ferdig kontrollert, og at han ikkje blir flytta. Gjennomsøkinga av bygningane på Sveavägen og på Stora Nygatan kjem til å ta tid fordi det er gass der, blir det opplyst.

Ei talskvinne for politiet, Tove Hägg, seier at mannen har uttrykt misnøye med fleire av partia i Riksdagen.

– Politisk motiv

Det er førebels ikkje kjent kven mannen er, men politiet stadfestar at han eit slags politisk motiv for handlingane sine.

Ein butikkeigar i bygningen seier dette til Aftonbladet:

– Det var ein person som banka på hos meg og sa at det var ein person som hadde opna frakken sin og vist fram noko farleg, moglegvis ei bombe. Det var det einaste eg fekk vite, seier butikkeigaren.

DIREKTE: Bombetrussel i Stockholm

Fleire av dei politiske partia i Sverige har sine lokale i dette området i det sentrale Stockholm. Det er eit område med mykje turistar, men det er ikkje teikn til panikk utanfor den aktuelle bygningen.

Politi om situasjonen i Stockholm

VIDEO: Politiet om situasjonen.

Politiaksjon i Gamla Stan.

Det er sett i verk ein stor politiaksjon etter at ein mann har framsett ein bombetrussel i Stora Nygatan.

Foto: Bertil Ericson / TT / NTB scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt