Hopp til innhold

Ein elev drepen i bombeeksplosjon på skule i Italia

Ei seksten år gamal jente er drepen og fleire blei såra i to eksplosjonar utanfor ein skule i byen Brindisi i Sør-Italia. Det kan vere mafiaen som står bak angrepet.

Video Bombe på skole i Italia

NETT-TV: Brannmenn inspiserer åstaden for eksplosjonane utanfor skulen i Brindisi.

– Ei jente overlevde ikkje, seier Fabiano Amati ved dei lokale sikkerheitsmyndigheitene til nyheitskanalen Sky TG24.

Eksplosjon på skule i Italia

EKSPLOSJON: Elevane var på veg inn til undervisning då det small utanfor den vidaregåande skulen i Brindisi Sør-Italia.

Foto: Max Frigione / Ap

Eksplosjonen skjedde rundt klokka åtte lokal tid. Like etter blei det stadfesta at ei jente omkom i eksplosjonen.

I tillegg skal sju andre vere skadde, inkludert tre med brotne bein og med brannsår på minst 40 prosent av kroppen.

Den døde og dei skadde er alle elevar ved skulen.

Store brannskadar på kroppen

Rundt klokka 11.30 kom det inn meldingar om at ein annan elev hadde døydd av skadane etter eksplosjonen. Men seinare blei dette tilbakevist.

Jenta det var snakk om blei frakta til sjukehus med alvorlege skadar i magen og brystområdet, og brannskadar på store delar av kroppen. Tilstanden skal vere alvorleg, men stabil.

– Ganske kraftig eksplosjon

Amati ved sikkerheitsmyndigheitene sa det var uklart om det var ein eller to bomber som hadde eksplodert.

– Det verkar som det har vore ein ganske kraftig eksplosjon, seier tenestemannen.

Det skal vere stort sett berre jenter som går på skulen.

Var på veg til undervisning då det small

Brannmenn inspiserer åstaden for ekspolosjonen

Brannmenn inspiserer åstaden for eksplosjonane utanfor skulen i Brindisi.

Foto: Max Frigione / Ap

Idet elevane var på veg inn til undervisning på yrkesskulen Morvillo Falcone like før klokka åtte lokal tid, small det.

Det braut ut panikk blant elevane ifølgje avisa Repubblica.

Ifølgje myndigheitene blei det funne to gassflasker i ein konteinar ved skulen.

Sikkerheitsstyrkar seier at det var ei bombe som blei gøymt i konteinaren, men ifølgje nettavisa Repubblica var det to bomber som skal ha blitt pakka inn i sekker og plasserte framfor skulebygget.

Som følgje av hendinga skal alle skular i byen vere evakuerte.

Mafiaen kan stå bak

Italienske medium skriv at skulen har fått namnet sitt etter kona til den kjente dommaren Giovanni Falcone, som hadde ei viktig rolle i kampen mot mafiaen.

Dommaren, kona hans og tre livvakter blei drepne 23. mai for 20 år sidan då ei bombe eksploderte på motorvegen mellom Palermo internasjonale flyplass og sentrum av byen.

Etterforskarar set åtaket i samanheng med nylege mafia-aktivitetar i byen, inkludert ei bombing av bilen til ein lokal aktivist.

I tillegg skal det vere ein stor anti-mafia-demonstrasjon i nær framtid, noko som òg peikar i retning på at det kan vere mafiaen som står bak, skriv Sky News.

Men Innanriksminister Anna Maria Cancellieri seier at etterforskarar ser på fleire moglege motiv for skulebombinga.

– Det er mange hypotesar, men ingen er sikre, seier Cancellieri i eit intervju med nyheitskanalen SkyTG24.

Folk er sinte

Myndigheitene har trappa opp tryggleiken rundt offentlege bygg etter at det italienske skattevesenet Equitalia har blitt utsett for fleire små bombeåtak.

Folk i Italia er sinte på grunn av dei høge skattane i landet som følgjer den økonomiske krisa i Europa.

Myndigheitene er bekymra for at anarkistiske grupper utnyttar italienarane si fortviling over den økonomiske situasjonen.

Ingen har teke på seg ansvaret for bombinga.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt