Hopp til innhold

Bombeeksplosjon på to-års dag for massakre

Ei bombe eksploderte onsdag på Filippinane, nær eit minnesmerke for 57 drepne i ein massakre i 2009. Det er i dag to år sidan massakren fann stad.

Filippinane

Fillippinske styrkar patruljerer nær landsbyen Ampatuan, åstaden for ein massakre av 57 menneske 23. november 2009.

Foto: TED ALJIBE / Afp

Bomba eksploderte like før ein planlagd seremoni til minne om ofra som vart drepne i den grufulle massakren i 2009. Ingen kom til skade som følgje av eksplosjonen.

Politiet uskadeleg­gjorde også to udetonerte bomber nær massakre-åstaden i landsbyen Apatuan i den sørlege Maguindanao-provinsen­­.

Skremmebomber

Føremålet med bombene var truleg å skremma folk frå å delta i markeringa, opplyser filippinsk politi.

Lokale militsmedlemmer frå Ampatuan-klanen er tiltalte for drapa på 57 journalistar og politikarar under ein valkampanje 23. november 2009.

Ifølgje aktoratet angreip rundt 100 væpna menn, i hovudsak frå Ampatuan-klanen, ein kolonne som var på veg for å registrera Esmael Mangudadatu som kandidat i det kommande lokalvalet.

Mangudadatu-familien er den største rivalen til den mektige Amaptuan-klanen.

Nesten 200 på tiltalebenken

Rettssaka mot dei i alt 196 personane som er tiltalte, inkludert ein tidlegare borgarmeister i provinsen, er i gang i ein domstol like utanfor hovudstaden Manila.

Rettssaka har gått seint, og rundt 100 av dei tiltalte er framleis på frifot, blant dei fleire tidlegare politibetjentar og militære.

SISTE NYTT

Siste nytt