Bombeattentat rystar Libanon

Ein opposisjonsfigur og tidlegare finansminister er drepen i eit målretta bombeåtak i Beirut. Minst seks er drepne og 70 såra i den kraftige eksplosjonen

Ein opposisjonsfigur og tidlegare finansminister er drepen i eit målretta bombeåtak i Beirut.

Eks-finansminister Mohammad Chatah skal ha vore målet, og vart drepen i åtaket.

Ei bilbombe forårsaka eksplosjonen, som fredag rysta eit handelsområde i sentrum av Beirut, nokre hundre meter frå regjeringsbygga og parlamentet.

Eks-finansminister Mohammad Chatah skal ha vore målet. Den sunnimuslimske opposisjonspolitikaren var på veg til eit møte då han vart offer for attentatet.

Svart røyk over Beirut

Chatah hadde statsrådposten under regjeringa til Saad Hariri, fram til 2011. Han var ein framståande økonom og Libanon si utsending til Washington. Han arbeidde også ein periode som rådgjevar for tidlegare statsminister Fuad Siniora.

Bomba skal ha teke livet av fem personar og såra minst 50, melder det statlege libanesiske nyheitsbyrået.

Eks-statsminister Hariri reagerer kraftig på attentatet, og skuldar Hizbollah for å stå bak

Ei stor svart røyksøyle steig til vêrs like etter at bomba detonerte. Ambulansar og redningsmannskap er på staden og fraktar såra personar til sjukehuset.

Libanon har blitt råka av fleire bombeåtak dei siste månadene som følgje av borgarkrigen i nabolandet Syria.

Bombe-åtak i Beirut

Bomba detonerte i eit handelsområde like ved regjeringsbygga i den libanesiske hovudstaden Beirut.

Foto: STEVE CRISP / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt