Hopp til innhold

Bombealarmen avblåst på Landvetter

Politiet sine bombeekspertar har slått fast at det ikkje var sprengstoff i bagen som vart funnen nær informasjonsskranken på Landvetter måndag kveld.

Landvetter

Pressesjefen i Swedavia, den svenske varianten av Avinor, sa til Göteborgs-Posten ,at det vart funne spor etter det som kunne ha vore sprengstoff. Bombeekspertar undersøkte innhaldet i bagen, og kunne like etter midnatt slå fast at det ikkje var noko farleg.

Eit område på ein radius på 200 meter frå funnstaden vart evakuert, men evakueringa er no oppheva.

Det var litt før klokka 20.30 i kveld at det vart funne ein bag like ved informasjonsdisken i avgangshallen på Landvetter. Bagen vart rutinemessig undersøkt, og i denne kontrollen vart det funne spor av det som kunne ha vore sprengstoff.

Talsmann for politiet, Tommy Nyman stadfesta at det vart funne ein bag.

Bagen vart funnen ikkje så langt frå tryggingskontrollen, slik at denne også vart evakuert. Det er uklart kor mange som vart evakuerte.

Eit fly frå Stockholm som landa like etter at evakueringa starta, vart ståande ute på flyplassen. Dei reisande fekk ikkje forlate flyet før etter at evakueringa av avgangshallen var gjennomført.