Minst 43 drepne i bombeangrep nær grensa mellom Syria og Tyrkia

Minst 43 menneske vart drepne og mange såra då ei bilbombe gjekk av på den syriske sida av ein grensepost mellom Syria og Tyrkia i dag.

Vvideo av øydeleggingane etter bombeangrep.

VIDEO. Amatørvideo teken etter bombeangrepet.

Den svært kraftige eksplosjonen skjedde ved grenseposten Bab al-Salameh, på eit område som blir brukt som parkeringsplass, opplyser eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights. Det er fleire born blant dei drepne.

Ein straum av ambulansar køyrde såra menneske over grensa til sjukehus i Tyrkia. Dødstalet har stige utover ettermiddagen og kvelden. Det er uklart om det var ein sjølvmordsaksjon.

Peikar på ISIL

Video frå staden viser utbrende bilar, døde menneske og kroppsdelar liggjande ut over eit stort område.

Det er opprørarar som kjempar mot regimet til president Bashar al-Assad som kontrollerer grenseposten, men det er uklart kven som står bak bombeangrepet.

Opprørsgruppa som kontrollerer grenseposten legg skulda på den ytterleggåande islamistiske opprørsgruppa Den islamske staten i Syria og Levanten (ISIL) for å stå bak udåden.

LES OGSÅ: Assad pryder Damaskus' gater

LES OGSÅ: Syrere strømmer tilbake til Homs

Islamsk kalifat

ISIL, som også opererer i Irak og fleire andre land, har vore i krig med fleire andre opprørsgrupper i Syria. Medan dei fleste opprørsgruppene ikkje har andre mål enn å styrte det sitjande syriske regimet, så har ISIL eit uttrykt mål om å skape eit islamsk kalifat i Midtausten og i Nord-Afrika.

ISIL er kjend for å nytte svært brutale metodar både i kampen mot det syriske regimet, men også mot dei rivaliserande opprørsgruppene.

LES OGSÅ: Opprørarar sprengde historisk hotell i lufta

LES OGSÅ: Syriske opprørere sprenger Assads posisjoner med eldgammel krigsteknikk

LES OGSÅ: Syria-debatt endte i slåsskamp

SISTE NYTT

Siste nytt