Bomba var plassert i ein bydel der det ligg fleire viktige militære installasjonar, og gjekk av i det ein militær buss passerte.
Mellom dei drepne og såra vart det både soldater og sivile, opplyser ein sjukehuslege.
Gjev Tamiltigrane skulda
Ein militær talsmann seier at bomba utan tvil var ei vegbombe av den typen som vert brukt av den tamilske LTTE-geriljaen, Tamiltigrane.
Ein talsmann for Tamiltigrane nektar for at dei har noko med åtaket å gjera.
Eksplosjonen er den siste i ei rad åtak mot militære installasjonar og troppetransportar på Sri Lanka.
Dette skjer samstundes som at hæren har auka presset mot dei LTTE-kontrollerte områda nord på Sri Lanka, der Tamiltigrane og regjeringshæren nærast dagleg er i kampar med kvarandre.