Bombe gjekk av i Göteborg

Eit stort område i Göteborg sentrum er avstengd etter ein kraftig eksplosjon i natt. I dag blei det klart at eksplosjonen skuldast ei bombe.

Eksplosjon i Gøteborg

Politiet sperra av eit stort område rundt den tradisjonsrike restauranten Gamle Port i Göteborg etter den kraftige eksplosjonen

Foto: ADAM IHSE / Scanpix

Eit stort område rundt ein gammal havnerestaurant i Göteborg er avsperra etter ein stor eksplosjon i natt. Svensk politi stadfestar at eksplosjonen skuldast ei sprenglading.

Restauranten var stengd så det var ingen menneske til stades då bomba gjekk av.

Etterforskinga til politiet tyder på at det ikkje er snakk om ei ulukke, seier pressetalsmann for politiet Björn Blixter til Göteborgs-Posten.

Knust glas overalt

Ingen personar blei skadde, men det er store materielle skader, og fleire butikkvindauge er knust av tryggbølgja. Vitne fortel om eit kraftig drønn som både høyrtes og kjendest opp mot ein kilometer unna.

– Kvart einaste vindauge i huset ser ut til å vere blåst ut, seier Rolf Kagerlind i naudetaten i Göteborg.

Politiet høyrte sjølve eksplosjonen, som ifølgje vitna var veldig kraftig. Ei politikjelde seier til avisa Göteborgs-Posten at bomba var plassert tett inntil bygningen der restauranten ligg.

Eksplosjonen utløyste fleire brannalarmar i butikkane i området.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt