Hopp til innhold

Bombe eksploderte i Malmø i natt

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Like etter klokka to i natt sprengde ei bombe midt i Malmø sentrum.

Sprengladninga var plassert på ytterdøra til eit lokale i Norra Grängebergsgatan. Døra vart sprengd heilt vekk i eksplosjonen.

Ifølgje politiet skal det ha vore ein ulovleg nattklubb i lokala som er råka, skriv avisa Sydsvenskan.

Det er gjort tekniske undersøkingar på staden i natt, og vitne som var på staden lbir avhøyrde av politiet.

Politiet har så langt ikkje kome fram til kva eller kven som kan ha stått bak angrepet.

– Vi har prata med nokre personar, men har ikkje funne skadde. Ifølgje vitne skal det vere ein ulovleg nattklubb i lokala, opplyser Skåne-politiet til Sveriges Radio.

SISTE NYTT

Siste nytt