Meldinga om bomba kom inn til ei baskisk avis i føremiddag i namnet til ETA. Det er vanleg at den baskiske separatistorganisasjonen varslar bombeaksjonar på denne måten.
Det er førebels ikkje meldt om nokon eksplosjon på gravplassen Valle de los Caiodos i utkanten av den spanske hovudstaden Madrid, og etter to timar sa ein representant for politiet at det truleg er snakk om ein falsk alarm.
Tidlegare denne veka vart fleire titals menneske skadde i ein bombeeksplosjon i Madrid som vart varsla på same måten.
General Fransisco Franco styrte Spania med hard hand heilt til han døydde i 1975.