Hopp til innhold

Leiar for alliert parti: – Uvisst om Bolsonaro kjem til å akseptere valnederlaget

Nedtrekte gardiner. Timane går. Total mediestille. Uvissa er store rundt kva Brasils president vil gjere etter valnederlaget.

Jair Bolsonaro (nummer 3 fra venstre) på vei til rpesidentkontoret i Brasilia 31 okt 2022 etter valgnederlaget

IKKJE EIT ORD: Jair Bolsonaro (nummer 3 frå venstre) på veg til presidentkontoret i Brasilia etter valnederlaget.

Foto: Eraldo Peres / AP

Søndag kveld vart det klart at sitjande president Jair Bolsonaro tapte valet for rivalen sin, ekspresident og fagforeiningsleiar Lula da Silva.

Dommen frå veljarane viste ein hårfin siger: 50,9 prosent til Lula og 49,1 prosent til Bolsonaro. Dette gjorde at mange frykta at valresultatet skulle bli trekt i tvil.

Brasils høgste valdomstol, derimot, godkjente måndag valresultatet. Lula da Silva blir etter planen sett inn som president 1. januar.

Jair Bolsonaro vil ikkje seia noko om nederlaget sitt i presidentvalet før tysdag, seier ein minister i regjeringa hans. I følgje kommunikasjonsminiser Fabio Faria, held Bolsonaro seg unna offentligheten, for å førebu ein tale.

Det er uklart om Bolsonaro vil innrømma valnederlaget, som støttespelarane hans ber han om å gjera.

Brazil Elections

Valvinnar Lula saman med kona si då valresultatet blei kjent.

Foto: Andre Penner / AP

Måndag heldt Lula den første talen som påtroppande president frå valhovudkvarteret sitt.

Der sa han at han vil regjere for 215 millionar brasilianarar. Ikkje berre for dei som stemte på han.

– Det er ikkje to Brasil. Vi er eitt land, eitt folk, ein stor nasjon, sa Lula da Silva som no er klar for ein tredje presidentperiode.

Stille på Twitter

På Twitter, der president Bolsonaro til vanleg har låg terskel for å kommentere, har det ikkje kome noko som helst. Sist han tvitra var tidleg søndag morgon, då han la ut eit bilete av seg sjølv og eit bibelord.

Brasil-forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Christiana Maglia, seier til NRK at Bolsonaro sin reaksjon på valet lenge har vore «eit ope spørsmål».

Jair Bolsonaro i stemmelokale i Brasilia

President Bolsonaro røysta i hovudstaden Brasilia.

Foto: Andre Coelho / AP

– Bolsonaro har allereie sagt fleire gongar at veljarsystemet er ureieleg og at noko anna resultant enn hans siger «ikkje vil vere mogleg», seier ho.

– Det har ofte verka som at han førebudde terrenget for å motset seg resultatet, men det har ikkje vore klart korleis han ville gjort.

Les meir Bolsonaro: Brasil kan drukne i kommunisme

Jair Bolsonaro i Cowboyhatt 2020

– Tre moglege utfall i valet

På valmøte har Bolsonaro så seint som i år sagt at valet har tre moglege utfall:

  1. Han vinn
  2. Han blir drepen
  3. Han blir arrestert

– Andre moglegheiter finst ikkje, sa han.

Men etter den siste TV-debatten fredag før valet, sa han i eit intervju at «den som får flest stemmer vinn. Utan tvil. Det er demokrati».

Nupi-forskar Maglia seier ho trur kommentarar av denne sorten, som har kome i det siste, er eit resultat av press.

– Bolsonaro har fleire gongar uttrykt frykt for å bli stilt for retten, og fengsel, når han trer av.

Gråtande Bolsonaro-tilhengjarar i Brasilia

SORG: Gråtande Bolsonaro-tilhengjarar i Brasilia då Lula såg ut til å vinne.

Foto: UESLEI MARCELINO / Reuters

– Denne frykta, sjølvsagt kombinert med inntrykket av at han har få moglegheiter til å få støtte til å motset seg resultata, kan vere ein grunn til denne stilla. Framleis er det vanskeleg å vite dette sikkert.

Statsvitar Yuri Kasahara ved OsloMet seier til NRK at Bolsonaro no er i ein vanskeleg situasjon.

– Mange av støttespelarane hans har anerkjent valresultatet alt, så han er ganske så isolert.

– Eg trur ikkje han har så mange andre moglegheiter enn å berre anerkjenne valresultatet.

Her køyrer Bolsonaro og livvaktene hans frå bustaden til kontoret søndag føremiddag.

Her køyrer Bolsonaro og livvaktene hans frå bustaden til kontoret søndag formiddag.

Foto: ADRIANO MACHADO / Reuters

Bolsonaro har framleis ikkje forsikra om at han vil godta oppteljinga, og har meir enn antyda at sterke krefter ønskjer at han skal mislykkast.

Han vil redde landet frå kommunismen som han påstår at Lula representerer.

Seier viktig hamn er blokkert av demonstrantar

Allereie har demonstrantar blokkert hovudvegar og tent på bildekk i 12 delstatar, melder Reuters.

Blant desse skal vere ein av hovudvegane som fører inn til Paranagua, som er ein av dei viktigaste hamnene i Brasil og elles i Latin-Amerika. Dette melder hamnestyresmaktene ifølge byrået.

Lastebilar med landbruksvarer står fast i køane som byggjer seg opp, men blant anna får sjukebilar og bussar passere.

Lastebilsjåførar protesterer mot valresultatet ved å brenne bildekk i Varzea Grande i delstaten Mato Grosso i Brasil 31 okt. 2022

Lastebilsjåførar protesterer mot valresultatet ved å brenne bildekk i Varzea Grande i delstaten Mato Grosso

Foto: STRINGER / Reuters

Både militærpolitiet og det føderale politiet er kalla ut til områda.

Dei første vegsperringane vart sett opp rundt klokka 01 lokal tid kort tid etter at Lula vart erklært som vinnar.

No etter at valresultatet er offentleggjort, synest det klart at Bolsonaro heller ikkje har utbreidd støtte i det politiske establishmentet for påstanden om at valet er rigga.

I alle fall ikkje nok støtte til å kunne nekte å gå av, noko som ville bety statskupp.

Ifølgje New York Times er det ingen framståande parlamentarikarar frå ytre-høgre-sida som har teke til orde det siste døgnet for å fornekte valresultatet.

Les meir Lula: Skopussar, president og fange

QVMgUKTjPvE

SISTE NYTT

Siste nytt