Hopp til innhold

Bølgje av hatkriminalitet etter Trump-siger

Ein student frå Saudi-Arabia vart drepen i Wisconsin. Ein mann blir banka opp og skulda for å vere Trump-tilhengar i Chicago. Det som kanskje har vore den mest negative valkampen i USAs historie, har gjeve næring til mørke krefter.

Ein mann vart banka opp og bilen hans vart stolen i Chicago etter ei trafikkulukke. Ranarane skulda han for å vere Trump-supporter. Det er uvisst kor djupt politikken stakk her, men det har vore fleire angrep på folk som viser støtte til Trump. Samtidig har det også vore ei auke i angrep og trakassering av minoritetar. Muslimar, homofile og latinamerikanarar melder om trakassering og vald. USA er djupt splitta etter valkampen. Og ein fryktar ei valdsbølgje som i Storbritannia etter BREXIT-avstemminga.

Ein mann vart banka opp og bilen hans vart stolen i Chicago etter ei trafikkulukke. Ranarane skulda han for å vere Trump-supporter. Det er uvisst kor djupt politikken stakk her, men det har vore fleire angrep på folk som viser støtte til Trump. Samtidig har det også vore ei auke i angrep og trakassering av minoritetar. Muslimar, homofile og latinamerikanarar melder om trakassering og vald. USA er djupt splitta etter valkampen. Og ein fryktar ei valdsbølgje som i Storbritannia etter BREXIT-avstemminga.

I Chicago vart ein 50-år gammal mann banka opp etter ei bilulukke, av ei gruppe afroamerikanarar, som roper:

– Stemde du på Trump? Ikkje stem på Trump!

Ein video frå Youtube viser at mannen blir slått og sparka, og at nokon køyrer av stad med bilen hans.

Mannen hengde på bilen eit stykke, og er no lagd inn på sjukehus, men skal ikkje ha alvorlege skadar.

Videoen er retweeta over 4.000 gangar, den er delt på Youtube og Facebook.

Lokalavisa «DNA Info» skriv at det er uvisst om mannen var Trump-tilhengar, men at afroamerikanske organisasjonar fordømmer episoden.

I ein annan episode, i California, vart ei jente banka opp etter at ho hadde ytra støtte til Trump på Instagram.

Banka opp utanfor pizzarestaurant

Hussain Saeed Alnahdi (24)

Hussain Saeed Alnahdi (24), vart banka opp utanfor ein pizzarestaurant i delstaten Wisconsin. Han døydde av skadane. Drapet skjedde midt under valkampen. Det er enno uvisst om det var hatkriminalitet.

Foto: Universitetet

Hussain Saaed Alnahdi vart banka opp utanfor ein pizzarestaurant på halloween. Han døydde på sjukehus dagen etter.

Hussain var ein av 150 utvekslingsstudentar frå Saudi-Arabia, som studerte ved Universitetet Wisconsin-Stout.

Wisconsin ligg i det sokalla rustbeltet, og Donald Trump vann overraskande delstaten.

Det er likevel usikkert om drapet kan bli knytt til stemninga som er piska opp under valkampen. Motivet er ukjent, skriv Milwaukee Journal Sentinel.

Men det blir rapportert om ei markant auke i rasistisk vald under og i kjølvatnet av presidentvalet.

Spesielt har det gått ut over muslimar, homofile og latinamerikanarar.

Wellsville daily

Wellsville i delstaten New York, vakna opp til denne graffitien på ein idrettsarena etter valet.

Foto: Wellsville Daily / FAKSIMILE:

Hakekorset spreidd på plakatar og vegger

Det har dukka opp hakekors fleire stadar, som i Wellsville og i Philadelphia. Hakekors og Hitler-metaforar har også blitt brukt i retorikken til dei som hatar Trump.

Samtidig seier Ku Klux Klan at dei vil arrangere ein sigersparade til ære for Trump i Nord-Carolina.

BRITAIN-US-VOTE-TRUMP-DEMO

Demonstrantar teiknar eit bilde av Trump-tilhengarane som rasistar.

Foto: BEN STANSALL / Afp

Hat spreidd på toalettvegger

Mexicanarar blir bedne om å «pelle seg heim» av medelevar. Toalettvegger blir dekte med hatefulle ytringar.

Black Lives Matter aktivist Shaun King har samla nokre av dei mest graverande tilfella. Han hevdar å ha fått inn over 10.000 tips om rasisme i USA etter valet.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Fryktar auke i hatkriminalitet

Britisk kringkasting viser til at Brexit-avstemminga førte til ei 41 % auke i hatkriminalitet. Og åtvarar mot at noko liknande kan skje i USA.

Men ein må vente til FBI kjem med sin statistikk, før ein kan konkludere. Den kjem ikkje før i 2017.

Mange falske historier

I Louisiana er ei kvinne tiltalt for å ha fabrikkert ein melding til politiet om at ho vart angripen for å gå med hijab.

Fleire slike historier blir spreidde på sosiale medium og blandar seg med dei ekte.

Dette er med på å forsterke stigmatiseringa av Trump sine tilhengarar.

Trump Protest Richmond

Dei som stemde Trump blir skulda for hatkriminalitet i Richmond, Virginia.

Foto: Steve Helber / Ap

Undertrykt hat

Carlos Wiley ved Penn State university seier til USA Today at han trur angrepa kjem frå menneske som har undertrykt rasehatet sitt under Obama.

No føler dei det er trygt å ope vise fordommane sine.

– Folk såg korleis demonstrantar vart knuffa med under Trump sine valmøte, og dei tenkjer, dette kan vi gjere også, seier Wiley til USA Today.

SISTE NYTT

Siste nytt