Hopp til innhold

Boksar kan ha påverka bombaren

Ein kanadisk boksar kan ha spelt ei nøkkelrolle i radikaliseringa av Tamerlan Tsarnajev, den eine av dei to brørne som er mistenkte for bombene i Boston. William Plotnikov vart drepen då han kjempa saman med jihadistar i Russland i fjor.

Tamerlan Tsarnajev under en boksekamp

KAN HA BLITT RADIKALIKSERT AV BOKSEKAMERAT: Tamerlan Tsarnajev (t.h.) var ein ivrig amatørboksar.

Foto: RICK EGAN / Ap

Det er den russiske avisa Novaya Gazeta som skriv om den moglege kontakten mellom Tsarnajev og Plotnikov, melder amerikanske media som CNN.

Boksaren som blei jihadist

Den 23 år gamle boksaren Plotnikov var fødd i Russland, men flytta til Canada med foreldra som tenåring. Han blei avhøyrt av russiske styresmakter då han kom til den urolege republikken Dagestan i 2010, ifølgje seg sjølv for å studere islam.

Han gav då ei liste over personar med røter i Nord-Kaukasus, som han hadde hatt kontakt med på nettet. Mellom namna var Tamerlan Tsarnajev, den eldste av brørne som er mistenkte for Boston-bombene.

USA-EXPLOSION/BOSTON Tamerlan Tsarnaev and Dzhokhar Tsarnaev are pictured in this combination photo

MISTENKTE FOR BOSTON-BOMBENE: Tamerlan (t.v.) og Dzhokhar Tsarnajev.

Foto: HANDOUT / Reuters

Boston-bombar var også boksar

Plotnikov blei lauslaten. To år seinare var han likevel gått saman med islamistiske opprørarar i Dagestan, der han var kjend som «Kanadiaren». Han mista livet då han slåst imot russiske tryggingsstyrkar i juli 2012.

Amerikanske etterforskarar trur no dei kan vere på sporet av ei av nøkkelpersonane bak radikaliseringa av Tsarnajev, som sjølv var ein ivrig amatørboksar.

26-åringen blei skoten og drepen av politiet 19. april, fire dagar etter at bombene gjekk av på målstreken under Boston-maratonet. Tre menneske mista livet, og over 260 blei skadde.

Vart overvaka saman med militant islamist

Tamerlan Tsarnaev

VAR I DAGESTAN I SEKS MÅNADER: Tamerlan Tsarnajev.

Foto: Julia Malakie / Ap

Politiet trur Tsarnajev var pådrivaren bak bombinga, men har så langt stått utan klare kjelder til den ekstreme forma for islam som han og den sju år yngre broren kan ha hatt som motiv for terrorangrepet.

Det er uklart om Tsarnajev har møtt Plotnikov personleg eller berre på nettet, men i fjor var han i Dagestan i seks månader, der foreldra framleis bur i hovudstaden Makhachkala.

Her skal han ha blitt observert av den anti-ekstremistiske overvakingstenesta, saman med ein annan opprørar, 19 år gamle Mahmoud Nidal. 19-åringen skal ha rekruttert unge menn til militante opprørsgrupper, og vart sjølv drepen etter å ha barrikadert seg i eit hus med skytevåpen.

Trur bombaren mista viktige vener i Dagestan

Plotnikov døydde også medan Tsarnajev var i Dagestan. Gravferda var den 14. juli, to dagar før Tsarnajev reiste tilbake til USA.

Politiet vil no finne ut om han drog fordi Plotnikov var død. Novaya Gazeta si kjelde trur Tsarnajev blei redd fordi han hadde mista dei to kontaktane sine i det islamistiske opprørsmiljøet, og difor forlet landet.

I tillegg til boksegleda hadde dei to det etniske opphavet felles. Tsarnajev kan også ha møtt Plotnikov då han besøkte tanta si i Toronto, der Plotnikov budde med foreldra sine. Dei skal ha kommunisert på den sosiale nettstaden World Assembly of Muslim Youth, men dette er ikkje stadfesta.

Bensin på bålet i etterretningsdebatten

Avsløringa av kontakten mellom Tsarnajev og allereire overvaka islamistar i Russland, kan heite opp debatten om den manglande informasjonsutvekslinga mellom FBI og den russiske tryggingstenesta FSB.

I fjor sommar melde FSB ifrå til den amerikanske etterretningstenesta CIA etter Tsarnajev sitt Dagestan-besøk, men dei fekk aldri noko svar. .

Sjekkar kona si rolle i terroren

Katherine Russell, kona til Tamerlan Tsarnajev

SEIER HO IKKJE VISSTE: Katherine Russell.

Foto: Stew Milne / Ap

Politiet sjekkar også kva rolle Tsarnajev si kone kan ha spelt før terrorangrepet, melder CBS News.

Etter at kvinneleg DNA blei funne på bombebitar, har politiet sikra seg DNA-prøver frå heimen til Tsarnajev og Katherine Russell, som seier ho var uvitande om ektemannen sine planar. Ekspertar understrekar at DNA-et på bombebitane også kan kome frå offer for bombene.

Meiner mystiske «Misha» var meisterhjernen

Ein annan mogleg pådrivar for radikaliseringa av Tsarnajev kan vere 39 år gamle Mikhail Allakhverdov, kjend under namnet «Misha». Det er den yngre mistenkte broren, Dzhokhar Tsarnajev, som har peika han ut som ein slags meisterhjerne bak terrorangrepet.

Allakhverdov, som er av armensk-ukrainsk opphav, seier på si side at han kjende Tsarnajev, men at han aldri ville ha oppmoda til brotsverket den avdøde er mistenkt for.

Boston maraton bombe

DET VERSTE TERRORANGREPET PÅ AMERIKANSK JORD SIDAN 11.SEPTEMBER 2001: Bombene under Boston-maraton.

Foto: MetroWest Daily News/Ken McGagh / Reuters

Snakkar på sjukehus, men vil ikkje samarbeide

Det er så langt ingen spor som tyder på at Tsarnajev-brørne testa bomber i USA, noko som kan peike i retning av at Tamerlan Tsarnajev fekk øvd seg på dette medan han var i Dagestan.

Dzhokhar Tsarnajev ligg framleis på sjukehus, etter å ha blitt skoten av politiet då dei fann han der han gøymde seg, i ein båt. Han har fått att evna til å snakke, men skal ha blitt mindre samarbeidsvillig med politet den siste tida.

Gjenopprettar Instagram-konto

Politiet vil no prøve å gjenopprette kontoen hans på den sosiale bildedelingstenesta Instagram, som blei sletta kort tid før terrorangrepet.

Den yngre Tsarnajev-broren skal ha trykt «like» på fleire bilde som refererte til Tsjetsjenia, med hashtaggar eller merkeord som #freechechenia, #jihad og #allah.

Det verste sidan 11. september

På sjukehus ligg også 23 av ofra for bombene i Boston. Fjorten menneske har mått amputere kroppsdelar, ifølgje helsepersonell, etter det verste terrorangrepet på amerikansk jord sidan 11. september 2001.

SISTE NYTT

Siste nytt